NRK Meny
Normal

Javisst, Ap held koken i Årdal

Ap gjorde som vanleg nesten reint bort i bastionen Årdal. Valet i industrikommunen er ikkje prega av sjukehussaka som har dominert indre Sogn siste året.

Arild Ingar Lægreid

VALVINNAR: Nok ein gong har ordførar Arild Ingar Lægreid gjort eit godt val i Årdal.

Foto: Siren Svortevik

Dermed kan ordførar Arild Ingar Lægreid kan ta på seg ordførarkjedet også dei fire neste åra.

Rett nok er det ein liten tilbakegang i høve til fire år sidan, men 74,9 prosent av stemmene (- 2,6) seier at årdølene igjen er trufaste.

– Eg håpar sterkt at vi skulle få eit godt resultat også i år, seier han.

Set pris på støtta

Ap fekk ein kraftig tilbakegang i nabokommunen Lærdal. Dette har ikkje partiet merka i Årdal. Lægreid han har forklaringa på kvifor det er slik.

– Det er historia til Årdal, med oppbygginga av industristaden. Årdølene støttar Arbeidarpartiet fordi det skal vere den største arbeidarkommunen i landet. Det har betydning inn mot makta i Oslo, seier han.

– Men kor lenge kan Ap i Årdal leve på historia?

– Det veit eg ikkje, eg lurer på det same føre kvart val. Men eg set stor pris på støtta.

Stor framgang for Sp

Partiet med størst framgang er Senterpartiet med 13,9 prosent, ein framgang på heile 7 prosentpoeng. Lægreid trur det er fordi Sp har gjort ein god valkamp .

– Dei har også ein del yngre folk på lista og har mobilisert bra.

SV stilte ikkje liste dette året. Høgre har fått 7 prosent (+ 2,7) og går litt tilbake til 4,2 (- 0,7). Frp får 4,2 prosent av stemmen, ein tilbakegang på 0,7 prosentpoeng.

Det nye kommunestyret vil bestå av 16 Ap-representantar, Sp får tre, medan Høgre og Frp får ein kvar.

Årdal - kommuneval

 

Ap

SV

SP

H

FrP

Andre

1995

71,3

11,6

 

7,5

 

9,7

1999

73,0

 

 

 

 

27,0

2003

70,2

10,3

10,0

 

9,5

 

2007

77,5

6,4

7,0

4,3

4,9

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå