NRK Meny
Normal

Jasmin Mecimovic ute ein månad til

Det er to og ei halv veke sidan Jasmin Mecimovic måtte gå av bana etter at han vart skadd i Sogndal sin første heimekamp. No viser det seg at han er ute i ein månad til.

Jasmin Mecimovic ut med skade. Kim Are Jacobsen til høgre.

UTE I FIRE VEKER TIL: Det vil gå om lag seks veker frå Jasmin Mecimovic fekk skaden til han kan vere tilbake i spel. Det vil seie at han er ute i om lag ein månad til.

Foto: Ole André Rekkedal

Det er Sogn Avis som torsdag skriv at midtstopparen sin okleskade er langt verre enn det ein først trudde. Det syner seg no at 21-åringen har brote eit bein i foten.

Det stadfestar Sogndal Fotball sin medisinske koordinator, Kim Are Jacobsen, til Sogn Avis.

Det var vel halvvegs i første omgang i kampen mot Hønefoss på Fosshaugane 1. april at den makedonske midtstopparen vart liggjande nede bak eige mål etter at han trakka over. Han fekk til slutt halta seg ut att på bana, men måtte gje seg etter vel ein halvtime spel.

Skulle fylle eit hol

Mecimovic var på prøvespel i Sogndal og signerte kontrakt med klubben berre dagar før seriestart. Makedonaren er henta inn på lån og det var meininga at han skulle tette eit av dei mange hola som Sogndal har i forsvaret.

Men etter berre ein og ein halv kamp måtte laget i saftbygda skrive opp også nysigneringa på skadelista. Ei oppsummering onsdag synte at så mange som åtte av 23 Sogndalspelarar har vore skadde det meste av sesongen.

Medisinsk koordinator, Kim Are Jacobsen, sa då til NRK at det har teke urovekkjande lang tid for Mecimovic å kome seg etter skaden i andre seriekamp.

– Hevinga gjekk ned og han begynte å trene att etter ei veke, men då hovna okla opp att. No er han sendt til MR-undersøking for for å finne ut om det kan vere noko anna som feilar han, sa Jacobsen til NRK.no onsdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jasmin Mecimovic blir skadd. Ørjan Hopen til høgre.

SMERTER: Jasmin Mecimovic vart liggande etter at han trakka over i kampen mot Hønefoss i starten av april.

Foto: Ole André Rekkedal

Ute i seks veker

Og resultatet etter undersøkinga var på ingen måte oppløftande. Det ein trudde var eit overtrakk viser seg altså å vere eit brot i foten.

– Jasmin var til MR-undersøking i Bergen, som viste at han har eit brot i det yttarste beinet i foten. Det vil ta minst seks veker frå det skjedde til han er klar igjen, seier Jacobsen til Sogn Avis.

Midtstopparen har med andre ord gått i over to veker med brot i foten, og det vil gå ein god månad til før han igjen kan vere med i troppen. Det betyr med andre ord at han går glipp av kampane både mot Vålerenga, Molde, Strømsgodset, Viking og Brann.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå