Hopp til innhold

Januarrekord for sjømateksport

Norge eksporterte sjømat for 5,9 milliardar kroner i januar. Det er ei auke på 25 prosent samanlikna med januar i fjor, syner tall frå Norges sjømatråd.

Laks.

JANUARREKORD: Eksporterte sjømat for 5,9 milliardar i januar

Foto: NRK

– Det er klart vi har hatt historisk høge prisar no, og det er hovudgrunnen til at eksportverdien aukar slik den gjer. Det seier Sverre Søraa, som er administrerande direktør i Coast Seafood i Måløy.

Volum- og kvantumsmessig har ein ikkje same veksten, men med høge prisar blir det gode eksportinntekter.

Den høge lakseprisen held seg inn i 2014 og bidreg til at eksportverdien av norsk laks aukar med ein milliard kroner i januar månad.

EKSPORT REKORD

AUKAR SJØMATEKSPORTEN: Egil Ove Sundheim, direktør for marknadsinformasjon i Norges sjømatråd.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk/Scanpix / SCANPIX

– I tillegg bidreg auken i eksporten av fryst torsk til Kina og fersk torsk til EU til ein svært sterk månad for sjømateksporten, seier Egil Ove Sundheim, som er direktør for marknadsinformasjon i Norges sjømatråd.

37 prosent auke i lakseeksporten

Det blei eksportert laks for 3,7 milliardar kroner i januar. Det er ein auke på 997 millionar kroner eller 37 prosent samanlikna med januar i fjor.

Prisen på fersk heil laks auka frå 34,66 kroner til 48,89 kroner per kilo. Dei største mottakarane av norsk lags er Frankrike, Polen og Russland.

Stabilt for aure

Aureeksporten enda på same nivå som i 2013, med ein eksportverdi på 205 millionar kroner. I januar var Russland den største marknaden for aure.

Ser lyst på framtida

Sverre Søraa

SER LYST PÅ 2014: Sverre Søraa, administrerande direktør i Coast Seafood.

Foto: Thomas Bickhardt

I Coast Seaafood trur Søraa at prisane vil normalisere seg litt, men at dei framleis kjem framleis til å vere høge gjennom 2014.

– Vi trur historisk høge. Vi trur snittprisen kjem til å vere den beste vi har hatt nokon sinne. Vi er optimistar no. Etterspurnaden etter sunn mat er fenomenal, og sunn mat er nettopp det vi eksporterer.