Hopp til innhold

– Det er både godt og rart å vere tilbake

To og eit halvt år etter den store nedturen under EM på heimebane, løfta Jantsen Øverås igjen i internasjonal konkurranse.

Jantsen Øverås

GÅR VIDARE: Jantsen Øverås har kjempa seg tilbake etter sitt livs største nedtur.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Laurdag stod han med flagget på brystet i Nordisk Meisterskap på Island. Der løfta han godt i kampen om medalje, men enda opp på ein fjerdeplass. Sjølv hadde han forventa ein plass på pallen.

– Det er vanskeleg å setje ord på kjenslene no. Det er godt å vere tilbake på landslaget og i internasjonal konkurranse, men så er det også litt rart å stå utanfor pallen i eit meisterskap der eg pleier å vere blant dei beste, seier Øverås til NRK.

Tøft å vere tilbake

Han hadde førebudd seg på at det ville bli tøft å kome tilbake, men fekk seg likevel ei lita overrasking då han skulle til å løfte.

– Eg kjende på den mentale biten av konkurransen, kor tungt det var å vere tilbake. I starten fekk eg ein liten kjensle lik den eg hadde under EM, men heldigvis klarte eg å halde hovudet kaldt og hente meg inn at.

Det har vore ein lang og tøff veg tilbake etter den store nedturen på heimebane i 2016. Under EM i Førde skulle Fjalerbuen vise kva han var god for. Men så bomma han. Tårane trilla då han gjekk av plattforma.

– Tida etter EM har vore vanskeleg. Det tok tid før eg tok grep som gjorde at eg klarte å trene igjen, seier han.

Har lyst på eit VM

For å kunne starte opp att treninga, flytta han til Oslo og skaffa seg ein ny jobb. Med det kom meir tid og god støtte frå Olympiatoppen.

– Når alt det kom på plass og eg starta å trene, gjekk det ganske fort tilbake til det nivået eg er på no. Men det er no det tunge arbeidet startar – det er no eg skal jobbe meg tilbake til det nivået eg var på.

Jantsen seier det er treningskameratane i Tambarskjelvar og på landslaget som gjer at han står her i dag.

– Utan dei hadde eg ikkje hatt motivasjon til å trene og kome meg opp att.

Aprildagen i 2016 vil han aller helst gløyme. No siktar han mot nye mål.

– Akkurat no må eg kome meg opp på det nivået eg var då eg stilte til EM, men så har eg lyst på eit VM også, så eg gir meg ikkje før det. Eg må berre ta det steg for steg, seier han.