Hopp til innhold

Hadde håpa på pengar - fekk berre skryt

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitja i dag Lærdal. Håpet frå ordførar Jan Geir Solheim var at det skulle kome meir pengar til gjenreising av bygda, men slik vart det ikkje.

Sanner og Solheim

SITUASJONSRAPPORT: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim orienterer kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner om situasjonen i Lærdal etter storbrannen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er gått ei halvt år sidan storbrannen i Lærdal, der om lag 40 bygningar, mange av dei bustadhus, vart slukte av flammehavet. Fleire familiar blei huslause.

Styringsgruppa for gjenreising i Lærdal inviterte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Lærdal, for å sjå kva utfordringar dei står ovanfor etter storbrannen.

Ministeren er den fjerde representanten for Regjeringa som vitjar Lærdal etter storbrannen. Statsminister Erna Solberg, justisminister Anders Anundsen og klima- og miljøminister Tine Sundtoft har tidlegare vitja Lærdal.

– Etter møtet er eg skuffa. Eg hadde forventa at ministeren kom med noko, seier Jan Geir Solheim.

Må omprioritere og nedskalere

Lærdal kommune treng følgje dei sjølve 28 millionar for å gjenreise bygda, så langt har kommunen motteke 9 millionar kroner.

Solheim hadde håpa det skulle kome friske midlar til kommunen under vitjinga frå Sanner, men kommunen fekk ingenting anna enn skryt.

– Sanner er flink til å skryte, og det fortener heile samfunnet her. Men vi hadde håpa på meir pengar, nokon må snakke om det, seier Solheim.

Ordføraren fortel at det vart spent stemning under møtet med Sanner, fordi Lærdal kommune kjenner på at dei ikkje har fått den oppfølginga dei ønskjer.

– Vi har fått langt mindre pengar enn det vi har lagt opp til, og det gjer at vi må forandre veldig mange planar, omprioritere og nedskalere. Det blir mellom anna vanskeleg å drive dei planane vi hadde for pleie- og omsorgstenestene og skulane, fortel Solheim.

– Har strokke oss langt

Jan Tore Sanner kom til Lærdal for å få innsyn i den erfaringa kommunen har frå brannen, korleis den vart handtert og det vidare oppbyggingsarbeidet. Ministeren var imponert over kva lærdølane hadde fått til.

– Måten heile lokalsamfunnet har mobilisert og kor raskt dei har byrja å bygge opp att er beundringsverdig, seier han.

– Kvifor får ikkje Lærdal meir pengar?

– Vi har fått ein søknad, som vi har ferdigbehandla, og der har vi strekt oss langt for å imøtekomme Lærdal sine behov. Vi har innvilga ekstra pengar til kompetansestønad og til utviklingsprogrammet for 2015, seier Sanner.

Kommunal- og moderniseringsministeren meiner staten har tatt sin del av kostnadane.

– Vi har dekt kostnadar som kan knytast til brann og oppryddingsarbeid, samt den kommunale infrastrukturen, fortel han.

– Kjem de til å følgje opp Lærdal vidare?

Eg har hatt ein god dialog med ordføraren heile vegen, og fylkesmannen vår i Sogn og Fjordane følgjer også godt opp. Sjølvsagt kjem vi til å halde fram med dette, seier Sanner.