Hopp til innhold

Jan-Erik Hauge skal til OL med kokkelandslaget

MÅLØY (NRK): Jan-Erik Hauge frå Bremanger har kome gjennom nålauge og fått plass på kokkelandslaget. Dermed er det klart for både kokke-OL og VM.

Jan-Erik Hauge frå Bremanger

PÅ LANDSLAGET: Kokk Jan-Erik Hauge frå Bremanger på scena under Framflyt-konferansen på Måløy vidaregåande skule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– No blir det OL i Erfurt i oktober. Det blir svært spanande, eg har aldri vore med på noko slikt før, seier Hauge.

Hauge har nådd langt på dei åtte åra som er gått sidan han gjekk ut av kokkeskulen. I dag jobbar han på restauranten Tango i Stavanger, men allereie som 20-åring var han kjøkkensjef ved den norske ambassaden i Washington DC. I fjor vart han nominert til årets kokk, og no er han og med på kokkelandslaget.

– For meg er det ei stor ære, og eit delmål som er nådd. Så no er det å kjempe vidare, seier Hauge.

I hardtrening

– Det er litt toppidrett dette her, så ein må strukturere dagen sin.

Hauge har klare mål for kvar veke, for i tillegg til ein krevjande jobb som sous chef på Tango Bar & Kjøkken i Stavanger, trenar han no for harde livet til kokke-OL i oktober.

– På landslaget har vi alle ulike oppgåver. Vi konkurrerer i både varm og kald mat. Når det gjeld kaldmat har eg trekt ein trerettar vegetarmeny, og når det gjeld den varme maten så skal vi lage ein trerettar til 120 personar, der vi blir dømde av tilfeldige dommarar.

– Og du seier sjølv at du har høge ambisjonar?

– Å kome med på alt dette samstundes er veldig kjekt. Årets kokk i fjor har gitt meirsmak, og er uttak til Bocuse d'Or som eg er har lyst å vere med å kjempe om. På landslaget skal eg vere med i OL og VM, i tillegg er det NM som eg og har lyst til å vinne.

Jan-Erik Hauge og Bente Vonheim

FOR Å INSPIRERE: Kokk Jan-Erik Hauge saman med gamlelæraren Bente Vonheim under jobbmessa Framflyt i Vågsøy.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Heim for å inspirere

Men uansett kor travelt han måtte ha det, han finn likevel tid til ein tur til heimfylket og jobbmessa Framflyt i Vågsøy, for å inspirere elevar som har valt same utdanning som han sjølv.

– Eg har hatt mange som har hjelpt meg fram, ikkje minst kokkeskulen her. Då tykkjer eg det er viktig at eg kjem heim sjølv og støttar opp under komande stjerner og ambisiøse personar.

Akkurat det tykkjer gamlelæraren, Bente Vonheim er svært kjekt.

– Det er alltid like kjekt. Jan Erik er flink til å halde kontakten. Han kjem stadig attende og er med som gjestekokk for å inspirere elevane og det er alltid like kjekt, seier Vonheim.