NRK Meny
Normal

Litt flaks og tilfelle førte brevet til Bremanger

– Eg må innrømme, det er ikkje kvar dag ein får så artige brev. Kanskje eg treff ei prinsesse på heile greia, humrar Jan-Erik Hauge (26).

Brev frå Det Kongelege Hoff

BREVET: I denne konvolutten låg stadfestinga på at Sogn og Fjordane ikkje berre har 52 gjester, men også ein kokk, når Kongeparet inviterer til hagefest 1. september.

Foto: Privat

Med Det Kongelege Hoff som avsendar, var ikkje brevet som nyleg dumpa ned i postkassen heime i Bremanger frå kven som helst.

Sjølv var Jan-Erik Hauge midt i flyttinga frå Stavanger til ny jobb hos Palace Grill i Oslo, då mor hans ringde. I brevet låg stadfesting på jobb og kontrakt. Rett nok, for ein dag.

– Det handlar om litt flaks og tilfelle, seier kokken.

Har kjenningar

Jan-Erik Hauge

STOLT: – Det er ikkje ofte ein får sjansen til å tilfredsstille kresne og artige ganer under ein sommarfest i Kongen sin hage. Det er klart eg måtte takke ja til dette, gliser Jan-Erik Hauge frå Berle.

Foto: Einar Espeland / NRK

Hauge er ikkje noko ukjend namn for dei som er kjende innan restaurant- og matfag. Opphavleg frå Berle, har han fleire heiderlege plasseringar i Norgescup for lærlingar. Han har også andreplass både i Årets Sjømatokk og Årets Masahirokokk.

I tillegg er han medlem på kokkelandslaget som i oktober reiser til tyske Erfurt for å kjempe om olympisk medalje . Det er for så vidt her forklaringa på brevet er.

– Eg kjenner kjøkkensjefen og eit par av kokkane frå før. Over litt laust prat kom det fram at dei trengde eit par ekstra hender til 25-årsjubileet. Eg prøver å vere ein hyggeleg kar, og har vore med dei før i andre samanhengar. Så då tenkte dei på meg, seier han.

Mette 1.500 magar

Allereie før brevet dumpa ned i postkassen heime i Bremanger, var det klart at han ville takke ja til tilbodet. At sonen allereie var klarert frå høgste hald til å kunne ta jobben, visste ikkje mor Hauge.

– Ho var heilt i hundre, humrar Hauge. Som dermed blir ein av kring ti kokkar som 1. september skal mette kring 1.500 lokale og celebre magar under kongeparet sitt 25-årsjubileum. Av gjestene er 52 frå trivselsfylket.

– Det er jo berre perfekt. Det viser at vi kjem oss fram i verda vi også, smiler Hauge.

Stolt augneblink

Det kongelige slottet

FEST: Slottet vil ikkje røpe kva som skal skje under festen i Slottsparken.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Kokken, som er over snittet interessert og glad i sjømat, trengde ikkje lange tida på takke ja til tilbodet. Sjølv om det blir ein svært lang dag med å få i stand smakfulle smårettane til gjestene.

– Det er slottet og Kongefamilien det er snakk om, så dette er utruleg artig og ein stolt augneblink å få vere med på, seier Hauge som likar å ta nye utfordringar.

– Det blir ein restitusjonsdag heller ein puggedag opp mot OL. Det er viktig å ha det litt artig, ikkje berre fokusere på kvardagslivet, men å kunne nyte dei små gledene i kvardagen.

– Men korleis blir dagane fram mot 1. september?

– Eg har vore så heldig å laga mat til både Kongelege og Adelege før, så den stressdelen har og sommarfuglane i magen har eg vore borti før. Så dette går heilt fint.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.