NRK Meny
Normal

- Miljøhysteriet har teke over

Jan Arvid Gundersen meiner at miljøforkjemparane ser bort frå at Grønland har vore isfritt tidlegare.

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar for å betale for samferdselsprosjekt?

– Direkte uhøyrt at bilistane skal betale dette då dei som no styrer og har styrt overhovudet ikkje har vore i nærleiken av å bruke det som blir innbetalt av avgifter til vegar her i landet utanom osloområdet. Skulle tru at resten av landet og trengte å få vegar frå byrjinga av 50-talet oppgradert då standarden for desse er for hest og kjerre.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Viss dei planane som er viste fram blir ein realitet, så øydelegg dei området totalt. Så mi mening er at denne kraftlina skal leggast i bakken og sjøen der det måtte trengast. Det må bli slutt på at dei skal sitje austpå og leggje planar for å rasere flora og fauna i resten av landet.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Det må bli tilført fleire statlege stillingar i distrikta og vi må oppretthalde skular og sjukehus.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

- Å kvitte seg med avdanka ubrukelege politikarar som blir tildelt desse posisjonane som belønning for partitilknyting, og som hadde vore totalt ubrukelege i det private arbeidslivet.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Vel, skal eg vere helt ærleg så tykkjer eg at miljøhysteriet har teke heilt over. Dei ser totalt vekk frå at både Grønland og Norge har vore isfritt, og at Grønland var den største korneksportøren i vikingtida. Dei overser at fiske rundt oljeriggane er stort og fisken er av beste kvalitet. At vi menneske hjelper på det er ikkje tvil om, men vi har ikkje skulda for alt som skjer på dette området. Og legg merke til at nesten alle desse som står frem er folk fra Oslo som har øydelagt sitt eige område både til havs og på land.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Lei av styret vi har og av sentralstyring fra Oslo som overhovdet ikkje bryr seg om det som finst utanfor Oslo-gryta.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Den norske befolkninga vår, dei gamle og sjuke har problem på alle kantar både med sjukeheim og dårlege pensjonar, noko vi ser at dei tilsette i oljeselskapa ikkje har. For dei har dei same gullpensjonane som dei som sit på tinget, rett og slett uhøyrt.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

Vegar utanom Oslo-området og der er Sogn og Fjordane med resten av Vestlandet dei som bør få dei pengane som trengst til dette.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Frp

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Ap, SV og Senterpartiet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune