NRK Meny
Normal

Jamt om kommunereform i Flora

Ordførar Ola Teigen (Ap) er svært spent på kva floraværingen vil seie til kommunesamanslåinga 4. april.

Ola Teigen

SPENT FØR FOLKERØYSTING: Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Torsdag kveld var det folkemøte i Flora om kommunereforma. Spørsmålet er om Flora kommune skal halde fram som eigen kommune, eller skal dei slå seg saman med ein større Sunnfjordkommune?

– Engasjementet er stort. Vi hadde folkemøte i kinosalen med mange frammøtte og mange spørsmål. Eg trur både dei som er for, og dei som er i mot kommunesamanslåing var nøgde med opplegget, seier Teigen.

Kvar går Flora

Denne veka har vi høyrt om sterkt engasjement i fleire kommunar i fylket, medan det andre stader ser det ut til å vere mindre interesse for kommunereforma. Fram mot 4. april reknar Teigen med at politiske parti og ulike grupperingar kjem til å mobilisere.

– Vi kjem nok til å sjå eit engasjement på sosiale medium og aviser og elles der ein kan få merksemd for sitt syn.

– Korleis oppfattar du stemninga blant innbyggarane, har du noko inntrykk av kvar Flora kjem til å gå i denne saka?

– Ja, sei det. I haust hadde vi ei opinionsundersøking som synte at florøværingane ikkje var så interesserte i Sunnfjord . No høyrer vi fleire og fleire seie at dei byrjar å tru på Sunnfjord. Dei som trudde at dette var avgjort på førehand må nok tru om igjen. Dette kan nok bli tettare enn mange trudde, seier Teigen.

Rådgjevande folkerøysting

På folkemøtet i Flora torsdag kveld var mange opptekne av det såkalla kystalternativet , andre lurte på korleis det ville bli å verte ein del av storkommunen i Sunnfjord.

– Det mange var opptekne av var den intensjonsavtalen som er forhandla fram i Sunnfjord, og kor mykje den skal vektleggast i framtida, seier Teigen.

I Førde, Fjaler og Solund blir det gjennomført ei ny innbyggjarundersøking via telefon. I Hyllestad, Jølster, Askvoll, Naustdal, Flora og Gaular vert det gjennomført ei rådgjevande folkerøysting 4. april 2016.

– Det blir ein spanande dag, det blir godt å få vite korleis vi skal jobbe vidare med kommunesamanslåing. Det er ikkje tvil om at dette har vore svært ressurskrevjande, seier Teigen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.