NRK Meny
Normal

Stor spenning om fylkesordførarvervet i natt

Det er svært jamt i fylkestingsvalet. Dei siste resultata i natt syner at Arbeidarpartiet får 11 mandat, medan Senterpartiet får 10.

Åshild Kjelsnes og Nils P. Støyva

AP-JUBEL I NATT: Åshild Kjelsnes og Nils P. Støyva kunne sleppe jubelen laust i natt. Men klokka 03.20 var framleis ingenting avklart om fylkesordførarposten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dermed er spørsmålet om kven som får fylkesordførarposisjonen heilt ope. Utfrå resultatet synes det klart at det er Arbeidarpartiet og Åshild Kjelsnes som ligg best an. I Flora dunka Arbeidarpartiet til med 44 prosent av fylkestingsrøystene, og førte til at optimistiske Senterpartifolk brått vart meir mismodige på valvaken på Sunnfjord Hotell.

– Senterpartiet synes no i natt å ha små sjansar for å få Jenny som fylkesordførar, og Åshild må seiast å vera ein klar favoritt. Samstundes kan det i forhandlingane skje at Senterpartiet snur seg mot den borgarlege sida og på den måten sikrar seg posisjonen, seier NRK sin valkommentator Eldgrim Fossheim.

Klokka 03.40 gjekk Jenny Følling (Sp) saman med Trude Brosvik (KrF) i samtalar om eit mogleg samarbeid på den borgarlege sida.

– Absolutt ingenting er avklart, vi får sjå, var alt Følling ville seie til NRK, før ho sette kursen mot samtalar i lukka rom.

Ønskjer å bli samde

Det meste foregår i kulissane når det skal avgjerast kven som overtek ordførarklubba etter Nils R. Sandal (Sp).

Ringrevane Kjartan Longva (Ap) og Jarle Skartun (Sp) vert sentrale i forhandlingane, som vert leia av dei respektive fylksleiarane i partia, og alt tyder på at dei vil gjere alt for å bli samde før det vert lyst tysdag morgon.

Åshild Kjelsnes og Jenny Følling

LIGG GODT AN: Åshild Kjelsnes (t.v.) kan vakne i morgon som ny fylkesordførar. Her saman med Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat, Åshild Kjelsnes.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Røystene frå Flora kom seint grunna dataproblem, og då det vart kjent at Arbeidarpartiet knuste til i Flora med heile 44 prosent av røystene i fylkestingsvalet, stod jubelen i taket under valvaken på Sunnfjord Hotell.

– Dette er jo svært hyggelege resultat, men no går vi forhandlingar, så får vi sjå om vi klarer å bli samde, sa Åshild Kjelsnes då Flora-tala vart kjend i natt.

Svært jamt

– Dette blir svært spennande. Om ein føl tradisjonen vil vi vakne opp og vite kven som vert fylkesordførar, seier valekspert Knut Henning Grepstad.

Både Åshild Kjelsnes og Jenny Følling er i utgangspunktet svært ivrige på å tre inn i posisjonen som fylkesordførar. Men tala så langt er svært jamne, og mange detaljar skal på plass.

Etter det NRK har grunn til å tru ønskjer også krefter i Arbeidarpartiet å gje klubba til Jenny Følling frå Senterpartiet, særleg for å hindre at Senterpartiet snur seg mot eit borgarleg samarbeid.

Alt er ope

Dette vil likevel vere eit heilt ope spørsmål til forhandlingane er avslutta, og dei siste røystene er telt opp.

– Trass Arbeidarpartiet sin suksess i Flora, er det heilt ope no i natt kven som vert fylkesordførar, meiner NRK sin valkommentator, Eldgrim Fossheim.

Høgre ligg an til å auke med to representantar i fylkestinget, og vil krevje auka representasjon i fylkesutvalet.

– Det er heilt naturleg at vi no får to representantar i fylkesutvalet, seier førstekandidat i Høgre, Noralv Distad til NRK.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.