NRK Meny
Normal

Jaktlag skaut 17 hjortar på éi og same jakt

STOREBOTN, FLORA (NRK): Aldri før har jaktlaget skote så mange dyr. Berre på éin post, av éin person, vart det laurdag skote ni hjortar.

Solheim jaktlag - Per Arne Solheim

NI DYR: Per Arne Solheim felte åleine ni hjortar, alt frå mor og kalv til bukk.

Foto: Christer Reksten Solheim

Det store jaktlaget har fellingsløyve på kring 40 dyr. På dette eine jaget i Storebotn, på nordsida av Norddalsfjorden i Flora, tok dei nesten halvparten. Per Arne Solheim tok åleine ni av dei 17 hjortane, på same post.

– Det er vel eit lukketreff kan ein seie. Det er ikkje ofte at ein får ein slik sjanse, seier jegeren som aldri før har skote så mange dyr.

Kunne ha skote fleire

Jaktlag skaut 17 hjortar

MEST HER: I dette skaret vart dei fleste av dei 17 hjortane felt.

Foto: Christer Reksten Solheim

Jaktlaget skaut så mange hjortar at dei måtte frakte dyra ned igjen med helikopter. Likevel kunne dei ha skote endå fleire.

– Der eg var kunne eg nok ha skote i alle fall to eller tre dyr til, men det er ikkje vits i å skyte ut alle produksjonsdyra. Vi skal no opp igjen der og jakte, og eg håpar at vi skal få like gode resultat seinare, seier jaktsjef Ståle Solheim.

Han valde difor å avslutte jaget ei god stund før det som var planlagd. Å ta ut så mange dyr som dette er ikkje problematisk, seier fylkesdirektør i Sogn og Fjordane, Svein Arne Skuggen Hoff, som mellom anna har informasjonsansvar for jakt.

– Tvert om kan det å ta ut dyra kan vere det som sikrar ein sunn stamme. Blir det for mange dyr er det ikkje nok mat til alle. Vi har sett døme på utmagra hjortar fordi det har blitt teke ut for lite, seier han.

skaut 17 hjortar

STOR BUKK: Gjert André Solheim skaut ein seksgreinersbukk.

Foto: Christer Reksten Solheim

Kanskje rekord?

Det har ikkje vore den beste hjortesesongen i låglandet. Ein forseinka sommar har gjort at beitet i fjellet har heldt seg godt, og dermed har også hjorten blitt verande der. Det gjer at jaktsjefen er ekstra nøgd med at jaktlaget har slege sin eigen rekord frå år 2000 på 14 dyr.

klestørk hjortejakt storebotn

PÅ HYTTA: Utandørs tørking av klede ved Damhytta etter ein dag på jakt.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg vil ikkje tru at det er så veldig mange plassar at dei har så mange dyr på eitt jag, seier Ståle Solheim.

Dette området er nærast heilag for desse jegerane. Berre ein gong i året jaktar dei her.

– Vi reiser bort fredagen og jaktar i eitt mindre område først og så reiser vi vidare opp på hytta og overnattar der. Tidleg laurdag morgon plasserer vi ut folk.

Trur på nye, store jaktopplevingar

Per Arne Solheim er svært nøgd med sine ni dyr. Trass i at den eine hjorten etter den andre vart felt på posten hans, hadde han roa.

– Dei kom jo ikkje samstundes, men puljevis med eitt par i slengen, så eg hadde rimeleg god kontroll.

Han er ikkje uroa for at framtidig jakt vil bli kjedeleg samanlikna med denne.

– Kvar jaktoppleving er ei sak for seg sjølv, så spenninga vil nok vere der uansett.

Storebotn, Flora

JAKTOMRÅDET: Jaktlaget jaktar i Storebotn i Flora berre éin gong i året.

Foto: Christer Reksten Solheim