Det seier Alf Erik Røyrvik som er utmarkskonsulent i skogeigarlaget.
Fylkesmannen gav i går fellingsløyve på ein bjørn etter at det er funne fem sauekadaver som har alle kjenneteikn på at dei er tekne av bjørn. Fellingslaget har hatt omlag 10 personar ute i natt.
– Jegrane har hatt postar ute, og det har og vore søkt med hundar, seier Røyrvik.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Jaktlaget har leita langs Lærdalsdalen i Borgund- og Borlaugområdet. Men bjørnen kan gå langt på kort tid, og Røryvik seier at det kan vere vanskeleg å finne bjørnen.
– Det er snakk om store området det skal leitast i. Litt ut på dagen i dag skal jegrane har eit møte for å diskutere strategien vidare, seier Røyrvik.