NRK Meny
Normal

Jaktar villrein med helikopter – jegerar fortvilar

LÆRDAL (NRK): I Nordfjella blir det brukt stadig meir helikopter i arbeidet med å slakte ned heile villreinstammen i området. Lokale jegerar er fortvilte.

Dødt reinsydr i Tønjumdalen

SJU DØDE DYR: Mark Brooks har sett sju døde reinsdyr i Lærdalsdalen, her er eitt av dei.

Foto: privat

– Det gjer vondt i meg når eg ser korleis vi behandlar desse dyra, det er ikkje noko kjekt å sjå, seier Sigmund Tveitehagen.

Han er ein jeger ifrå Ål i Hallingdal, og han er leiar i det som heiter villreinutvalet i Nordfjella. Han er ikkje begeistra for alt som no skjer i området rundt han.

– Det er veldig stressande for dyr å bli jaga av helikopter. Dette handlar om dyrevelferd, eller mangel på dyrevelferd, seier Tveitehagen.

For å hindre at den dødelege skrantesjuka spreier seg til andre dyr, skal heile villreinstammen i Nordfjella verte skotne. I den organiserte jakta som no føregår tyder det at meir enn 1500 dyr går med.

Det meste av jakta går føre seg ved at jegarar reiser inn til reinsdyrflokkane med snøskuter og helikopter, for så å bevege seg heilt inn til fots. Likevel skjer det stadig oftare at dei skyt dyra frå helikopteret.

– Det har vore tre tilfelle dei siste dagane. Vi tek ut små flokkar med dyr, og då tek vi livet av alle dyra. Det er klart det er ei stressande oppleving å bli jaga av helikopter, og difor passar vi på at vi tek ut alle dyra, seier Petter Braaten i statens naturoppsyn.

Jakter på Villrein

BRUKAR HELIKOPTER: I første omgang vart helikopter berre brukt til å frakte jegarar inn til der ein skulle jakte. No har ein fire gonger skote villrein frå helikpteret, og statens naturoppsyn seier at det kjem til å bli meir av det.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

WWF er kritisk til helikopterjakt

Marte Conradi er rådgjevar i naturvernorganisasjonen WWF. Dei er i utgangspunktet skeptiske til sjølve villreinjakta i Nordfjella, og dei er særleg kritisk til den bruken av helikopter som no skjer.

– Om ein skal nytte seg av helikopter i jakta er det i allefal veldig viktig at det skjer på ein måte som ikkje stressar dyra meir enn naudsynt, seier Conradi.

Reinsdyrklem

BLIR STRESSA: Villreinen kan bli stressa og redd av å bli jagd med helikopter, fryktar lokale jegarar i Lærdal.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Braaten i SNO understrekar at også dei er klar over at helikopterbruken ikkje er bra for dyra, og at dei difor avgrensar bruken så mykje som mogleg.

– Vi jaktar berre frå helikopter i tilfelle der det er veldig vanskeleg å kome til på andre måtar.

Men Tveitehagen i villreinutvalet er likevel skeptisk.

– Eg trur ikkje det var dette som var tanken då ein først sette i gang med denne jakta, det var ikkje meininga å bruke helikopter på denne måte.

Reinsdyrflokk teke av snøskred i Tønjumdalen i Lærdal. Grunneigarane meinar det er skrantesjuke-jakta i Nordfjella som har skulda.

TEKNE AV SKRED: Ein reinsdyrflokk er teken av snøskred i Tønjumdalen i Lærdal. Grunneigarane meinar det er skrantesjuke-jakta i Nordfjella som har skulda.

Vegopning på Bergum i Førde kommune