Hopp til innhold

No skal Marius prøve å slette dei norske rekordane til Bjarne Huseklepp

Bjarne Huseklepp frå Guddal sette i 1978 to norske rekordar. No skal Marius Vedvik med hjelp av ein annan EM-deltakar prøve å slette desse rekordane.

Bjarne Huseklepp og Marius Vedvik

PRØVER IGJEN: Marius Vedvik måtte i fjor gje tapt mot rekordane til Bjarne Huseklepp. No prøver han igjen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det skjer på Førde stadion komande laurdag. Då stiller EM-deltakarane Marius Vedvik og Sondre Norstad Moen til start for å jakte på rekordane på 20.000 meter og på ein times løp. Og meininga er at dei skal hjelpe kvarandre til å halde farten til Huseklepp, seier Vedvik.

– Sondre vart nummer ni i EM, og han har sprunge på 1.02 på halvmaraton (21.097,5 meter). Vi kan byte på å dra, og alt ligg til rette for at vi begge skal greie å slå rekordane til Huseklepp.

Sondre Norstad Moen fra Strindheim.

FAVORITT TIL REKORDANE: Sondre Norstad Moen vart nummer ni på 5000 meter i EM.

Foto: Rune Langfjæran

Og det var nettopp i Førde Bjarne Huseklepp sette dei to norske rekordane i 1978. Han sprang 19.278 meter på ein time, og han brukte 1.02.18.4 på 20.000 meter.

– Legendarisk rekord

Marius Vedvik seier han har enorm respekt for den prestasjonen Huseklepp gjorde for 36 år sidan.

– Det er ein legendarisk rekord. Han sprang mutters åleine på eit mykje dårlegare dekke, og det står det veldig stor respekt av. Bjarne Huseklepp har vore eit førebilete for meg lenge. Sondre og eg skal få jobbe for å slå rekordane sjølv om vi spring på tartan og kan hjelpe kvarandre.

I fjor prøvde Vedvik å slå desse rekordane, men då måtte han gje tapt. Denne gongen får han hjelp av Sondre Norstad Moen frå Trondheim til å halde farten oppe. I utgangspunktet meiner Vedvik at kompisen er favoritt til å vinne løpet.

– Han slo meg med 50 sekund på 10.000 meter i EM, men så slo eg han på 5000 meter i NM. I utgangspunktet skal eg ha ein sterkare spurt enn han. Når spurten går etter 49 rundar handlar det om å halde fylgje. Eg har iallfall eit mål om å slå han.

Trur på rekord

Arrangøren Førde IL har og lagt inn nokre øvingar for aldersbestemte utøvarar for å skape ei ramme rundt rekordforsøket. Fredag skal Sondre Norstad Moen halde eit føredrag.

Dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk friidrett Sogn og Fjordane har god tru på at rekordane blir sletta.

– Det er meldt om gode tilhøve på laurdag, og desse to karane har vist god form i haust, så eg har veldig god tru på at dei endeleg skal ta desse rekordane.

Marius Vedvik

HÅPAR Å TA REKORDANE: Marius Vedvik har eit håp om å vere først i mål og under rekordane til Huseklepp.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

I juni i fjor slo Marius Vedvik krinsrekorden til Bjarne Huseklepp på 5000 meter, men rekorden vart seinare underkjend. Etter det har Vedvik fleire gonger sprunge under krinsrekorden, men no representerer han bergensklubben Gular, og difor blir ikkje tidene hans krinsrekordar for Sogn og Fjordane.

– Skal springast først

Bjarne Huseklepp seier han gjerne skulle ha vore til stades for å sjå på rekordforsøket, men at han er oppteken med fisketur i fjellet. Han seier det slett ikkje er opplagt at dei to tek rekordane hans.

– Det skal springast først, og det er folk som har prøvd seg på desse rekordane før, men dei burde ha ein god sjanse.

Huseklepp hugsar godt rekordløpet i 1978. Han hadde tre dagar tidlegare sett krinsrekord på 10.000 meter under NM i Steinkjer. Der gjekk det i surr for rundeteljarane, slik at det vart ringt for ein runde igjen då det eigentleg var to rundar att.

– I kjempeform

– Eg låg an til å springe rundt 29 minutt, kanskje under. Så stoppa eg då eg trudde eg var i mål og måtte sette i gang igjen. Likevel vart det krinsrekord på 29.45.

Tre dagar etter sette han dei norske rekordane på 20.000 meter og ein times løp.

– Eg var i kjempeform. Det var andre som sprang og, men det var ikkje mykje drahjelp å få. Det var eit fantastisk løp frå start til det var fire rundar att. Då fekk eg skikkeleg sting, så gale at eg vurderte å bryte, men det gjer ein jo ikkje.

Det vart i staden sterkt redusert fart på dei fire siste rundane. Likevel vart det norsk rekord på 1.02.18.4 på 20.000 meter. Huseklepp meiner han skulle greidd 1.01 dersom han hadde unngått sting.

Bjarne Huseklepp med medaljesamlinga frå 70-talet

MANGE MEDALJAR: Bjarne Huseklepp var i landstoppen på langdistansar på 1970-talet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Elendige sko og utslite banedekke

Uansett – rekorden har halde i 36 år, og Bjarne Huseklepp er ikkje i tvil om at det var ein sterk prestasjon.

– Ein kan prøve den som vil å gjerne sykle i den farten, så vil ein sjå at det er fort. Når eg tenkjer tilbake på dei elendige skoa vi hadde, det var manglande fysikalsk behandling, og banedekket på Førde stadion var utsliten gummiasfalt med hol i svingen før oppløpet.

Han meiner at berre banedekket utgjer ein skilnad på mellom eitt og eitt og eit halvt sekund for kvar runde. Og når to så habile løparar som Marius Vedvik og Sondre Norstad Moen kan hjelpe kvarandre med å dra så har dei langt betre føresetnad enn han sjølv hadde i 1978.

– Når dei i tillegg begge har som mål å ta rekorden så vil dei skjerpe seg. Det blir iallfall spennande, seier Bjarne Huseklepp.