NRK Meny
Normal

Jobbar intenst med å få oversikt over tele-spor

Politiet jobbar no intenst for å få oversyn over alle tele- og dataspor i tidsrommet då trippeldrapet fann stad på Holsbru måndag ettermiddag.

Løseth og åstaden

LAUSE TRÅDAR: Etterforskingsleiar Åge Løseth seier dei er komne eit stykke på veg med etterforskinga, men framleis står ein del att.

Foto: Øyvind Bye Skille/Alf Vidar Snæland / NRK

– Vi jobbar på tredje døgnet for å få oss ei oversikt ved hjelp av avhøyr, kriminaltekniske undersøkingar og data- og telespor om kva som skjedde dei dramatiske minutta på fjellet, seier etterforskingsleiar Åge Løseth.

Det er mange lause trådar etter at bussjåføren på Valdresekspressen og to passasjerar vart knivdrepne måndag ettermiddag.

Politiet fekk i dag medhald i Bergen tingrett om å vareteksfengsle den 30 år gammal asylsøkjaren frå Sør-Sudan som er sikta for trippeldrapet i fire veker.

Dei to første vekene må den drapssikta sitje i full isolasjon. Han er ilagd brev- og besøkskontroll i alle fire vekene.

Har danna seg eit bilete

I mellomtida vert det jobba for fullt både ved Årdal og Lærdal lensmannskontor, får å få dei mange lause trådane til å hengje i hop.

– Vi har danna oss eit bilete av kva som skjedde, og vi har gjort mykje etterforskingsarbeid så langt, seier Løseth.

Men han understrekar at det vil gå noko tid før ein kan konkludere.

– Vi må ha heile biletet på plass først, seier Løseth.

Politiet har framleis ikkje avhøyrt den trippeldrapssikta mannen.

– Vi hadde håpa at det skulle la seg gjere i løpet av torsdagen, men det kan fort gå lengre tid, seier Løseth.

Kjenner ikkje identiteten til den sikta

Politiet har fått gjennomført avhøyr av ein del av dei som held til ved det desentraliserte asylmottaket i Årdal, mellom anna for å få kartlagt kor vidt den sikta kjende til at han skulle sendast ut av landet tysdag morgon, knapt eit halvt døgn etter den skjebnesvangre bussturen.

– Vi har avhøyrt ein del av bebuarane på asylmottaket, men kva som har komme fram i avhøyra, ønskjer vi ikkje å komme nærare inn på endå. Eg kjenner ikkje kva som har komme ut av det i detalj. Men vi får sakte, men sikkert på plass bitar i puslespelet, seier Løseth.

Den 30 år gamle sikta sudanesaren skal ha operert med fleire identitetar etter at han kom til Norge. Han skal ha oppgitt eit namn til det sørsudanske eksilmiljøet, medan norsk politi og Utlendingsdirektoratet kjende mannen under ein annan identitet.

Førebels har ikkje politiet klart for seg kva identitet mannen har.

– Det er ein del av det vi jobbar med å kartleggje. Vi jobbar med å få tak i ein sikker og endeleg identitet, seier Løseth.

Kripos har undersøkt bussen for spor

Kriminalteknikarane frå Kripos kom i dag tilbake til Årdal, etter å ha vore med på obduksjonen av drapsoffera ved Gades Institutt i Bergen.

– Dei er i gang med grundige, tekniske undersøkingar av bussen. Bussen er teken hand om av politiet, og står innelåst, seier Løseth, og legg til at dei leitar med lys og lykte etter alt som finst av spor som kan kaste lys over dei dramatiske minutta måndag ettermiddag.

Politiet ventar framleis på ein mellombels obduksjonsrapport.

– Vi har hatt kontakt med dei som gjorde arbeidet, men ønskjer både av omsyn til dei pårørande og til etterforskinga ikkje å gå ut med noko av dette no, seier Løseth.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.