Normal

Jaktar scoringsformen i Nordland etter elendig sesong

Han hamra inn mål i 1. divisjon for to år sidan, men vart benka i eliteserien i fjor. No jaktar Kristian Fardal Opseth scoringsformen i Bodø/Glimt.

Kristian Fardal Opseth, Bodø/Glimt

Kristian Fardal Opseth på treningsfeltet på La Manga i Spania.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg følte sjølv at eg var i god form i fjor også, men det vart ikkje speletid. Difor følte eg det var rett å prøve noko nytt, seier Fardal Opseth til NRK.

Han vart Sogndal sin toppscorar i opprykkssesongen 2015.

Med 16 mål var det berre Pontus Engblom (17) i Sandnes Ulf og Robert Stene (17) i Ranheim som scora fleire.

Men eliteserien i fjor vart ein gedigen nedtur for 27-åringen frå Kaupanger. Kun to kampar frå start gjorde at han byrja å sjå etter alternativ.

Difor valde han Bodø/Glimt

– Eg hadde lyst til å spele meir, det er ikkje tvil om det. Men det er ikkje eg som bestemmer.

Han hadde fleire alternativ, men valet landa til slutt på 1. divisjon og opprykksfavoritt Bodø/Glimt.

– Ambisjonen om å rykke opp igjen freista. Dei har tru på meg, det er gode spelarar her og det er spennande å prøve å spele i 4-3-3. Det trur eg kan passe meg godt, seier han.

Spissen er for tida på treningsleir på La Manga i Spania der han førebur seg til ein ny sesong.

Ein liten skade gjorde at han ikkje var med då laget tapte 0–4 mot det russiske storlaget CSKA Moskva laurdag.

Kristian Fardal Opseth stangar inn 1-0 mot Brann

Kristian Fardal Opseth stangar inn 1–0 mot Brann på Brann Stadion i 2015. I denne kampen scora han hat-trick og bidrog sterkt til at Sogndal tok sin første siger på Stadion på 13 år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Viktig spelar for oss

Men han har allereie notert seg for si første scoring i gult og svart. Mot Molde i ein treningskamp scora han eitt av måla då Glimt vann 2–0.

– Eg håpar og trur han vert ein viktig spelar for oss i år. Han har gjort eit kjempegodt inntrykk på oss, og vi er glade i han allereie. Han er sterk, smart og ein veldig god avsluttar, seier Bodø/Glimt-trenar Aasmund Bjørkan.

– 16 mål i 2015, får vi sjå like mange i 2017?

– Han er i alle fall i ei rolle der han ofte kjem i scoringsposisjon forhåpentlegvis. Jobbar han hardt og sørgar for å vere i god form, burde det vere gode moglegheiter for å score mål i 2017, seier Bjørkan.

Kristian Fardal Opseth, Bodø/Glimt

Kristian Fardal Opseth saman med nye lagkameratar på La Manga i Spania.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tenkjer ikkje på framtida

Ein av dei som skal servere gode innlegg til Opseth er lynvingen og veteranen Trond Olsen. Venstrekanten har stor tru på sin nye lagkamerat.

– Eg håpar sjølv eg skal bidra med litt målgjevande, men har lyst til å score litt sjølv også, gliser han.

– Han har hatt ei bra oppkøyring og har sett kvikk ut i kampane han har spelt, seier Olsen.

Fardal Opseth er på utlån fram til sommaren. Kva som skjer etter det, har han ikkje tenkt mykje på.

– Eg tenkjer på vårsesongen no, og håpar det går fint her, seier han.

Trond Olsen, Bodø/Glimt

Trond Olsen har tru på sin nye lagkamerat.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune