Hopp til innhold

Jaktar på vindfull terasse

Har du ein vindfull terrasse eller hage i Florø? Då vil Eli Kari Gjengedal frå NRK Værbitt gjerne høyre frå deg.

Eli Kari Gjengedal

LEITAR ETTER VINDFULL HAGE: Programleiar Eli Kari Gjengedal i Værbitt

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Eg er på jakt etter nokon med ein hage eller terrasse med plass til eit tv-team på ni, og som elles har full kontroll på vinden der.

Det femte programmet i tv-serien Værbitt som handlar om folk og vêr i Norge skal sendast frå Florø. Årsaka er at det torsdag er meldt vind, sannsynlegvis sønnavind i Florø.

– Meteorologen vår, Jon Smits har sagt at vinden kan kome i alt frå stiv kuling til kanskje liten storm på kysten her i Florø.

Etter å ha jobba med dette programmet i eit års tid så har Eli Kari Gjengedal og resten teamet bak Værbitt lært ein ting og det er at folk har store lokale kunnskapar om vêret.

– Og ikkje minst rundt sine eigne stovevegger. Difor er vi no på jakt etter ein vindfull hage.

Vêrmelding avgjer sendestad

Kvart program går direkte frå ein stad i landet som blir bestemt ut frå vêrvarselet frå^å gong til gong. Eli Kari utfordrar John Smits til å bestemme sendestad basert på vêrvarsel og programtema.

Når vind er tema, ber Eli Kari meteorologen bruke vêrvarselet til å peike ut sendestad og så drar dei dit og jakter på vinden som er meldt. Denne gongen blir det altså Florø.

– Dette er jo mitt heimfylket, så eg var jo heilt i fistel sundag då Jon Smits bestemte seg for Florø rett før vi gjekk på lufte, ler Eli Kari Gjengedal.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Eli Kari Gjengedal og Jon Smits

REISER DIT VÊRET ER: Programleiar Eli Kari Gjengedal og statsmeteorolog Jon Smits

Foto: Sindre Skrede / NRK

Kanskje treff meteorologen med varselet, kanskje ikkje. Svaret får du på direkten.

– Eg har kjempestore forventingar til besøket i Florø. Her vest så tar vi mot vinden etter kvart som lågtrykka rir inn frå Atlanterhavet. Og elles så er folk her utruleg gjestmilde, det opplevde vil blant anna då vi filma ved Stad.