NRK Meny

Jaktar nytt styre

Valnemnda i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i Sogn og Fjordane jobbar no med å få på plass forslag til eit nytt styre. I førre veke vart det kjent at fylkeslaget i FFO er blitt sett under administrasjon, og styret avsett av organisasjonen sentralt. Bakgrunnen er påstandar om tilhøva i fylkeslaget. Kva påstandar som ligg bak har hovudstyret førebels ikkje villa utdjupe.

12 mars vert det helde ekstraordinært årsmøte.