NRK Meny
Normal

Jaktar nye billettørar for å ta unna auka ferjetrafikk

I dag har Fjord1 jobba på spreng for å få tak i to billettørar som kan jobbe for å halde unna trafikken på Vangsnes ferjekai. Grunna stenginga av E16 Gudvangatunnelen, er trafikkmengda her mykje større enn normalt.

Vangsnes ferjekai

TRAVELT: Trafikken har vore svært høg i trekantsambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik etter at Gudvangatunnelen vart stengd.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

– Vi må få unna køane, og skal vi klare det på ein effektiv måte, må vi setje inn ekstra ressursar på landsida, seier driftssjef i Fjord1, Terje Stub.

Om sommaren går det ei ekstra ferje på sambandet, men då er også ferjekaiane betente av skuleungdom som jobbar som billettørar på land. Men desse er ferdige når denne helga er omme.

Men for å ta unna den auka trafikken, har Fjord1 bestemt seg for å la ekstraferja "Sunnfjord" gå i Balestrand-sektoren endå ei veke.

Men for at det skal fungere, må det ekstra billettørar på plass.

– Vi har jobba med å få på plass billettørar i dag, og vi må også jobbe med det i helga, sidan dette er frå måndag av. Vi er ikkje heilt i mål, seier Stub.

Må få det på plass i løpet av helga

Difor har dei no vendt seg mot lettmatrosar og lærlingar, i håp om å få fylt dei to stillingane.

– Vi skal klare å løyse det med dei ressursane vi har tilgjengelege. Vi har nokre kadettar og lærlingar som vi håpar vi kan dra litt vekslar på, seier Stub.

Etter at E16 Gudvangatunnelen vart stengd etter skadane som vart forårsaka av ein semitrailer som tok fyr for halvanna veke sidan, har trafikken på riksveg 13 Vikafjellet auka veldig, sidan dette er ein av få omkøyringsmoglegheiter.

Ferjene går stort sett fulle, og ifølgje matrosar om bord, står det også frå tid til annan att bilar på ferjekaien, noko som ikkje er vanleg lenger på dette sambandet.

– Det er både positivt og negativt. Det kan bli litt meir køar og litt meir venting i Balestrand-sektoren, men når det er sagt så likar vi auka trafikk. Vi set vår ære i å betene kundane på ein god måte, seier Stub.

Har ekstraturar på nattetid

Om ekstraferja vil bli verande i området også etter veke, er Stub heller tvilande til.

– Då er vi heilt avhengige av kva signal vi får frå oppdragsgjevaren vår, Statens vegvesen. Vi ventar at trafikken vil minke når vi kjem over skuleferien. Då dabbar turisttrafikken av, så vi har vanskeleg for å tru at det blir noko ut over den veka, seier Stub.

Han legg til at det verkar som om ferjene har klart å ta unna den auka trafikken.

– Vi har ikkje hatt mykje klager, og folk har veldig stor forståing for kva som er opphavet til desse køane, seier Stub.

Ferja Lærdal går no ekstraturar også nattetid. Rutetabell finn ein på Fjord1 sine nettsider.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser