NRK Meny
Normal

Politiet jaktar mann i 40-åra etter frekt garderobetjuveri

Politiet i Høyanger er ute og leitar etter ein mann i 40-åra som forsvann i ein svart Volvo V40 etter at det vart stole minst 1500 kroner og fleire mobiltelefonar frå ei garderobe i Høyangerhallen i føremiddag.

Høyangerhallen

HER: Tjuven skal ha slege til i denne garderoben.

Foto: privat

– Ein mann i 40-åra vart observert i det han forlèt staden. Han drog i ein eldre, svart Volvo V40 med ekstralys framme, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben.

Politiet fekk melding om tjuveriet klokka 09.40.

– Det skal ha vore fleire personar i bilen, seier Domben.

Har litt firkanta ansikt

Politiet har også fått ei skildring av korleis mannen såg ut.

– Mannen skal ha litt firkanta ansiktsform og mørkt hår med fall. Han skal ha hatt på seg grå jakkegenser og mørk bukse, og han skal ha snakka engelsk, seier Domben.

Politiet er ute i Høyanger og leitar etter den aktuelle bilen, men dei er svært interesserte i tips i saka, både frå folk som har sett hendinga, men også dersom nokon ser bilen.

– Vi kjenner ikkje til kva retning bilen har teke frå Høyanger, så vi vil gjerne høyre frå folk dersom dei observerer bilen, seier Domben.

Fleire fornærma i saka

Pengane og mobiltelefonane er stolne frå ein open garderobe, og det skal vere fleire personar som er fråtekne både pengar og telefon.

– Det er fleire fornærma i saka, seier Domben.

Laster kart, vennligst vent...
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen