Medan andre har skuleferie, brukar Malala Yousafzai sin ferie til å kjempe vidare for barn sin rett til utdanning. Måndag og tysdag gjesta ho ein internasjonal konferanse om utdanning i Oslo, og der var også Geir Birkeland frå Høyanger, fotograf og Malala-fan. Han har allereie treft Malala fleire gonger.
- Les:
– Eg merkar at ho stadig vert meir kjend. No er ho på 17.-plass på lista over verdas mest innflytelsesrike personar. Det er stadig fleire som vil prate med ho. Alle vil ha ein bit av ho, seier Birkeland.
- Les:
Bursdagsfeiring
I går fekk han litt betre anledning til å kome tettare på då han var ein del av eit eksklusivt selskap som feira Malala sin 18-års dag. Feringa fann stad på det som kan seiast å ha blitt Malala sin stamrestaurant i Oslo, den pakistanske restauranten Mehfel. Det var Aamir J. Sheikh frå 14. august-komiteen som inviterte, og det var ikkje første gong.
– No har eg vore der tre gonger, saman med Malala og resten av følget hennar. I desember var det den pakistanske ambassaden som inviterte, i samband med Nobel-utdelinga, seier Birkeland.
På restauranten var mellom anna presten Edeh Emmanuel Mathew Paul frå Nigeria til stades. Malala har den siste tida engasjert seg sterkt for jentene i Nigeria som er kidnappa av terrorgruppa Boko Haram.
- Les:
Utdanning for alle
På konferansen fekk Birkeland også fotografere FN sin generalsekretær Ban Ki-Moon, statsminister Erna Solberg og kronprins Haakon. Finansiering for å sikre at alle barn får gå på skule stod sentralt, og Solberg lanserte i går ein FN-kommisjon som skal jobbe med dette.
– Det er stas å delta på eit slikt arrangement og få møte slike spennande personar. I tillegg er eg jo sjølv oppteken av utdanning, og jobbar ved Høyanger vidaregåande skule.
Han jaktar stadig på «det ikoniske portrettet».
– Det må nok vere under mindre hektiske omstende. Det er mogleg eg må reise til Birmingham for å få teke det, seier Birkeland, som håpar og trur han vil møte den unge fredsprisvinnaren att.