KAJAKK I SNØ: Thomas Morel likar godt ting som ikkje stemmer. Difor sende han ein kajakkpadlar nedover puddersnøen frå toppen av Vikafjellet.
FLYGANDE SKISKYTTAR: For dette biletet av tidlegare landslagsløpar Ann Kristin Flatland frå Vik vann Thomas Morel i 2012 Juryens spesialpris i reklamefotografikonkurransen Gullsnitt. Biletet er teke i 20 grader utandørs på Lillehammer, og Morel brukte her ein teljeteknikk, der han bad Flatland hoppa på éin, medhjelparane hans kasta snø på to, ho skaut på to og ein halv, og Morel tok biletet på tre.
VARM KULDE: Med minus ni grader i lufta og pluss éi grad i vatnet går modellane Sigrid Henjum og Sander Buene ut i det islagde Styggedalsvatnet i Luster. Morel likar kontrastar og har difor lyssett omgjevnadane i varme fargar. Biletet heng i varmekulpen i Lustrabadet i Gaupne.
NYSKAPANDE NAUDLØYSING: Då Thomas Morel ikkje fekk lov til å fotografera surfing på stranda på Hawaii, gjekk han i studio. To medarbeidarar vifta med den kvite duken, og to med duken nede, medan broren til Morel heldt surfebrettet, som dansaren hoppa oppå.
BLINKSKOT PÅ EITT FORSØK: I eit utsmykkingsoppdrag for hotellet Scandic Ørnen i Bergen ville Thomas Morel ta eit bilete av både ei ørn og ein vassprut. Men ørna flyg vanlegvis lågt, seinkar klørne nedi vatnet og er vekke før spruten kjem. Morel venta difor til fuglen var rett over han. Då kasta han ein stein i vatnet 30-40 centimeter frå kameraet. Ørna blei så fiksert på steinen at ho stupte ned, og Morel fekk det biletet han var ute etter.
SLIK ARBEIDER HAN: Thomas Morel står på fjellet Skriki (1227 moh.) med utsyn over heile midtre og indre Sogn for å fotografera eit 360-gradersbilete som i dag prydar Sogndal vidaregåande skule. Biletet, som er tinga av Sogn og Fjordane fylkeskommune, er 34 meter langt og rommar ulike aktivitetar i fjordlandskapet, som jakt, bålbrenning, lekselesing, kortspel og bading i eit badebasseng.
JAKT- OG FISKEINTERESSERT: Thomas Morel tek mykje bilete og video når han er på jakt- eller fisketur. Her ventar han konsentrert på at ein laks skal hoppa opp elvestryket. Tre laksar viser seg på fem timar, men til slutt får han bilete av den glinsande fisken oppgjennom skummet: - Det er når du eigentleg har lyst til å gi opp, at det beste biletet kjem, seier Morel.