Hopp til innhold

Butikksjef: – Eg gjer alt eg kan for å hindre matsvinn

DALE (NRK): Kvar morgon får Kennet Vik melding om kva for varer som nærmar seg utløpsdato. Kampen mot matsvinn er eit samfunnsansvar, seier han.

Butikksjef Kennet Vik finn datovarer og prisar dei ned for å hindre mest mogleg matsvinn.

PÅ JAKT: Kvar morgon er det datovarejakt på Coop Extra Dale i Sunnfjord. Her tek dei målet om å kaste null mat på alvor.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– I staden for kaste varene kunne ein jo heller gitt dei bort. Gjerne til folk som treng det, seier Anne-Rita Aasen.

Ho er på handletur på Coop Extra i Dale, og synest det er leit å høyre om kor mykje mat som blir kasta.

– Vi gjer alt som står i vår makt, kvitterer Kennet Vik.

Han er butikksjef og seier at han kjenner på det same ubehaget som kunden.

– Til liks med alle andre har vi eit samfunnsansvar, og vi ønsker ikkje å kaste mat som folk har brukt både tid og energi på å produsere, seier han.

Anne-Rita Aase fann indrefilet i disken for nedsette varer.

FANN EIN SKATT: – Det blir indrefilet til middag i dag, smiler Anne-Rita Aase.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Verdas mest ambisiøse

For to år sidan tok samla matbransjen seg om eit felles initiativ der målet er å halvere matsvinnet innan 2030. Dåverande klima- og miljøminister Vidar Helgesen kalla det for «verdas mest ambisiøse avtale mot matsvinn».

– I butikkane er matsvinnet synlegare enn i resten av matindustrien, seier Anne Marie Schrøder.

Ho er kommunikasjonssjef i Matvett, som er mat- og serveringsbransjens selskap for å førebyggje og redusere matsvinn.

Ho meiner at daglegvarekjedene er blant dei som har fått til aller mest i kampen mot matsvinn, men seier at det enno er ein lang veg å gå.

– Eit effektivt grep i kampen mot matsvinnet er nedprising av datovarer, seier ho.

Anne Marie Schrøder, kommunikasjonssjef i Matvett

SER FRAMOVER: Anne Marie Schrøder frå Matvett seier dei har fokus på få med seg så mange bedrifter som mogleg for å halvere matsvinnet innan 2030.

Foto: Matvett

– Veldig tungvint

I mars skreiv NRK om informatikkstudentane Hanna Storaker og Ingrid Vold som foreslår ei ekstra merking i butikkane sine strekkodar – ein strek som viser utløpsdatoen.

Dei fekk ideen då dei såg korleis fleire butikkmedarbeidarar jobba.

– Dei gjekk rundt med notatbøker og skreiv ned datoar på varer manuelt, og sjekka dagleg kva for varer som nærma seg utløpsdato. Vi syntest dette var veldig tungvint, sa dei.

– Både butikk og kunde må ta ansvar

I Dale har dei eit betre system, fortel Kennet Vik. Kvar morgon tikkar det inn ei melding på skjermen hans, som fortel kva for varer som nærmar seg utløpsdato.

På spørsmål om kven som har skulda for at så mykje mat aldri finn vegen til norske tallerkenar, svarar Vik at butikkane kan gjere endå meir.

– Vi må alle gå i oss sjølve. Kundane handlar det dei vil ha, så må vi prøve å avgrense inntaket vårt.

LES MEIR: Frankrike forbyr matbutikkar og -produsentar å kaste etande mat.