NRK Meny
Normal

Då den store bh-jakta ikkje førte fram, tok dei sysakene i eigne hender...

Hugsar du korleis bhane såg ut for førti år sidan? I haust har kostymemakarane på Sogn og Fjordane teater vore på full jakt etter brysthaldarar utan innlegg og nymotens pushup.

Reidun Støfring

PÅ JAKT: Rekvisitør Reidun Støfring og Sogn og Fjordane teater er på full jakt etter bhar frå 1970-talet.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Når teateret har premiere på musikalen «Kjærleikens ferjereiser» trengst det nemleg eit hav av gammaldags undertøy for å skape den rette syttitalskjensla.

– Vi treng ein bh til kvar framsyning, seier rekvisitør Reidun Støfring, som fekk i jobb å skaffe brysthaldarane teateret trengde.

Det skulle vise seg ikkje å vere så enkelt. For førti år sidan var nemleg brysthaldarane enkle og uskyldsreine med enkle blonder og utan for mykje ekstra. Slike varer finn ein ikkje så lett i butikkane i dag, for i dagens undertøysmote er det ofte lagt på med tjukke innlegg.

Prøvde på Facebook

Rekvisitøren måtte difor prøve seg i andre kanalar i jakta.

– Eg prøvde meg på å legge ut på Facebook, om det var nokon som hadde den type blondebhar, men det var ikkje så mange som kom inn, fortel ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Musikalen Kjærleikens ferjereiser har premiere torsdag 11.september. Ei storsatsing frå SOFT.

VIDEO FRÅ PRØVANE: Yngve Sundvor er regissør i teaterstykket, som er basert på Edvard Hoem sin roman «Kjærleikens ferjereiser».

Havet av brysthaldarar i tynt blondestoff som ligg framfor ho fann ho ikkje på Facebook. Dei er splitter nye og ho har kjøpt dei i kjedebutikkane. For at dei skal gje den rette syttitalskjensla, gjer ho dei klare til stykket ved å klippe ut innlegga i dei.

Støvlar frå utlandet

Det er ikkje berre undertøyet som har vore utfordrande å få på plass. For å få den rette kjensla av å vere tilbake på syttitalet, må også yttertøy sjå ut som det gjorde for førti år sidan. I ein musikal sett til vestlandet, trengst det sjølvsagt regntøy. Men kor finn ein eigentleg regntøy frå 70-talet? Kostymemakar Anna Wingård kan røpe at nettopp desse rekvisittane har reist langt for å ende opp på scena i Førde.

Anna Wingård

KOSTYMEMAKAR: Anna Wingård fortel at ein del rekvisittar har reist langt for å ende opp i Førde.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Gummistøvlane har vore ei utfordring, for det er ikkje noko vi kan lage. Så skal dei helst vere autentiske, så scenografen har leita på nett og fått sendt frå USA, fortel Wingård.

– Vi har funne nokre veldig fine, men så har vi merka når vi har prøvd dei på scena at dei sprekk lett, og at dei tek inn vatn.

(Artikkelen held fram under biletet)

BHar til Kjærleikens ferjereise

SYDD OM: For førti år sidan var nemleg brysthaldarane enkle og uskyldsreine med enkle blonder og utan for mykje ekstra.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Scenografen ønska opphavleg at også regnsetta skulle vere originale Helly Hansen-drakter i ordentlege søttitalsfarger. Men dei fargane som var populære den gong, er ikkje lenger like aktuelle, og kostymemakaren har difor fått prøve seg som regntøydesignar for første gong.

– Det hadde eg aldri gjort før, seier ho lattermildt.

gjestar

Med undertøy og yttertøy på plass, er det berre ein ting som manglar, nemleg syttitalet si store stjerne. Eitt plagg må nemleg vere til stades når «Kjærleikens ferjereiser» tek publikum tilbake til diskoen sin gullalder.

– Ja, slengbukser har vi sydd. Tre par i alle fall, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kostyme til Kjærleikens ferjereise

KOSTYME: Sogn og Fjordane Teater har siste tida vore i full sving med å gjere klart kostymet til «Kjærleikens ferjereiser».

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Dei som hugsar tilbake til syttitalet, hugsar kanskje at det stort sett var dei unge og opprørske som skulle gå med slengbukser, medan dei vaksne var meir konservative. Det kjem også fram i musikalen.

– Vi har gjort eit skilje, mellom dei eldre og dei yngre. Så dei unge har slengbukser og den her spisse kragen på skjortene som var veldig typisk for syttitalet, medan dei eldre, som er foreldre og slikt, har ein litt meir diskret stil, seier Wingård lurt.