Hopp til innhold

Jaga turistar og like etter kom isblokka

Ei stor isblokk fall i ettermiddag ned frå Nigardsbreen. I same område hadde naturoppsynet nyleg hysja vekk turistar som hadde gått forbi sperringane.

Nye skilt

BRYT SPERRINGANE: Fleire turistar respekterer ikkje sperringane og går for nære breen. NB: Dette biletet er teke tidlegare i 2015.

Foto: Svein-Magne Tunli

– Det er livsfarleg. No heng det store blokker i fronten, og det er sprekkar, så vi ser at dei vil kome, seier Inger Moe, naturforvaltar i Luster kommune, til NRK.

Det var Sogn Avis som først skreiv om dei isblokkene som har falle ned frå Nigardsbreen dei siste dagane. I fjor sommar omkom eit tysk ektepar som var på ferie med borna på åtte og ti år, då dei braut sperringane og kom for nære breen.

To isblokker losna i dag

Sommaren har endeleg kome til fylket, og med det har faren for kalving auka. Berre i dag har fleire isblokker losna frå breen.

– Det kom ei ganske stor blokk i dag tidleg, og det kom også ei stor blokk no på dagen. Eg snakka akkurat med Liv Byrkjeland i naturoppsynet som var der medan det skjedde, og då hadde ho jaga folk frå det området tidlegare, seier Inger Moe til NRK.

– Vi er voldsomt redde for at folk ikkje skal forstå sperringane og faren, seier ho.

Ny sesong med nye skilt

FARLEG VAKKER: Kvar år lokkar Nigardsbreen turistar i hopetal til Jostedalen.

Foto: Svein-Magne Tunli

Forsterkar sperringane - vurderer vakthald

Dei høge temperaturane den siste tida har endra oppførselen til Nigardsbreen.

– Breen beveger seg fort og det blir mykje smeltevatn. I sommar er Nigardsbreen nokså høg og bratt i fronten. Porten inn i breen er høg, og det blir større rasfare enn det har vore tidlegare i sommar, seier Moe.

I helga kom ein del store isblokker ned, og det har vore observert folk inne på farleg område bak sperringane. Etter ei vurdering måndag, der både turistoperatørar, lensmannen og naturoppsynet var til stades, er det sett opp meir sperringar og tilsynet er auka.

No vurderer dei ansvarlege også vakthald, opplyser Moe.

– Kva skjer om folk der når det kjem ned?

– Det er livsfarleg, og ikkje til å spøke med. Vi har jo friskt i minne den tragiske ulukka i fjor, så vi håpar for all del å unngå ei ny slik ulukke. Eg vil ikkje overdramatisere, men vi har det så friskt i minne.

Politi ved Nigardsbreen

I FJOR: Slik såg det ut då politiet jobba med sperringane kort tid etter dødsulukka i fjor sommar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK