Hopp til innhold

Jacob var heilt imot tiprosentregelen - men no er han mindre skeptisk

SKEI (NRK): Frå 1. august i år er det fråværsgrense på ti prosent i vidaregåande skular. Jacob Bredesen frå Unge Venstre har vore i mot ordninga heilt til i dag.

Jacob Bredesen

FRÅ NEI TIL JA: Unge Venstre-politikar Jacob Bredesen.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Eg har tidlegare sagt at eg tykkjer dette er ein dårleg idé. Men no har regjeringa komme med ny informasjon og eit skriv der dei forklarar kva dette inneber. Eg har funne ut at det ikkje er så gale som eg trudde, seier fylkesleiar i Unge Venstre, Jacob Bredesen.

Han er saman med mange unge frå fylket samla til fylkesting for ungdom på Skei i Jølster, der dei mellom anna diskuterte fråværsgrensa i vidaregåande skule.

Fredag kom Utdanningsdirektoratet med eit rundskriv om fråværsgrensa, som trer i kraft 1. august i år. Her kjem det mellom anna fram at ei rekkje former for fråvær kan unnatakast regelen, dersom det er dokumentert (sjå faktaboks).

Det har endra Bredesen sitt syn på saka, men han er klar på at han framleis er skeptisk.

– Når ein ikkje vert straffa dersom ein er politisk aktiv, sjuk og liknande, så vil det ikkje gå ut over svake elevar på den måten som eg trudde, seier Bredesen.

Unge Venstre er framleis klare på at dei framleis er og kjem til å halde fram med å vere kraftig i mot ordninga med tiprosentregelen.

Meiner regelen hindrar skulking

Unge Høgre-politikar Asbjørn Øyra Sæterskar har derimot vore for regelen heile vegen.

– Den er med og hindrar at vi får meir skulking. Elevane vert pressa til at dei må gå på skulen, og fylkeskommunen, kommunane og skulane sjølve vert pressa til at dei må oppdage psykiske lidingar tidlegare, seier Asbjørn Øyra Sæterskar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

AUF og Unge Høgre er usamde

USAMDE: F.v. AUF-politikar Sindre Hornnes og Unge Høgre-politikar Asbjørn Øyra Sæterskar.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Han meiner dette også bidreg til at skulane raskare får på plass den hjelpa elevar med psykiske lidingar treng, slik at dei ikkje dett ut av utdanningsløpet.

– I arbeidslivet har du fire dagar der du kan skrive eigenmelding, resten må du ha sjukemelding for, elles vert du trekt i lønn. Det er også noko vi må førebu elevane på, før dei skal ut i arbeidslivet, seier Sæterskar.

Diskuterte psykiske utfordringar

AUF-politikarane har derimot ikkje endra sitt syn på regelen.

– Reglane tek til dømes ikkje høgde for mobbing. Vi i AUF Sogn og Fjordane er i mot fråværsregelen, seier nestleiar i Førde AUF, Sindre Hornnes.

Blant sakene fylkestinget for ungdom hadde føre seg, var tiprosentregelen heilt klart noko av det som engasjerte mest, i tillegg til fokus på unge og psykiske utfordringar.

– Vi er generasjon prestasjon som skal prestere på alle felt i livet. Før var det meir slik at dersom du var god i eitt fag, så var det godt nok. No skal ein vere god i alle fag, og det ser ein også på skuleopptaket, seier leiar i ungdomspolitisk utval, Sofie Sundberg.