Hopp til innhold

Ja, september var fin og tørr

Om du ser tilbake på den første haustmånaden og tenkjer vêret var både fint og tørt, så hugsar du rett.

Fint septemberdag med utsikt over Sognefjorden frå rasteplassen like ved Hermansverk

FINT VÊR: Slike dagar har det vore fleire av i Sogn og Fjordane den siste månaden. Biletet er frå rasteplassen ved Hermansverk med utsikt innover Sognefjorden.

Foto: Anna Gytri / NRK

Statsmeteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet har tatt ein kikk på kva vêr folk i Sogn og Fjordane har blitt servert i september. Og han kan stadfeste at dei som hugsar september som ein skikkeleg fin haustmånad har rett.

– Med tanke på nedbør, så fall det berre rundt halvparten eller mindre av det som er normalt for september, seier Livik til NRK.no.

Det er naturleg nok store lokale skilnader, men for å ta eit døme. Takle i Gulen er kjend for å vere ein svært våt plass.

– September er normalt den våtaste månaden, og i september fall det 221 millimeter. Det er framleis ein del, men i høve til normalen er det berre 57 prosent, altså litt over halvparten av det som er vanleg, seier Livik.

«Tørr» plass var våtast

Sol, blå himmel og gode temperaturar er blant orda folk trekkjer fram om dei blir spurte om korleis dei hugsar september vêrmessig. Og det er ikkje utan grunn.

Det har altså vore langt mindre nedbør enn normalt dei fleste stader. Den våtaste staden i forhold til normalen vart Lærdal. Ein plass som vanlegvis blir rekna som relativ tørr.

– Det kom det 50,1 millimeter med nedbør i september, noko som er 69 prosent av normalen. Med stasjonen i Lærdal er den som fekk mest nedbør i høve til normalen i Sogn og Fjordane, seier Livik.

Varmt og kaldt

Det er ikkje så mange stasjonar som har manuelle observasjonar lenger. Det er difor vanskeleg å seie kor mange dagar med fint vêr det har vore. Men varmt har det i iallfall vore. Til og med rekordar.

– Det har vore ein del varme dagar, spesielt i starten av månaden. 8. september var det målt 23.5 grader i Stryn og 23,8 grader i Lærdal, seier Livik.

– Så har det blitt vesentleg kaldare mot slutten av månaden. I Stryn var det ned i minus 1,5 grad natt til 27. september, seier statsmeteorologen.

Den naturlege forklaringa er at sommaren har gått gradvis meir over i haust. Og med klare fine dagar og lite skyer blir det ofte kalde og klare netter også.

Og når vi no har bikka over til oktober har det klare fine vêret på dagtid kunne merkast på ein litt anna måte på dagtid. Torsdag morgon vart det meldt om glatte vegar mange stader i fylket.

No kjem regnet

Men Livik trur ikkje det blir mange slike dagar framover. No slår nemleg vêret om, og det er regn og litt høgare temperaturar i vente.

– I morgon ser det ut til at høgtrykket som har lege over sørlege Skandinavia trekkjer seg så langt søraust at lågtrykket byrjar presse på med tilhøyrande nedbørsfrontar. Det startar med regn i ytre strok i morgon føremiddag, så vil det kome lenger inn i landet utover dagen, seier meteorologen.

– Slik det ser ut no er det veldig usikre prognosar når vi kjem litt fram, men helga og dei første dagane i neste veke ser det ut til å bli mykje lågtrykksavktivitet med sør og søraustleg vind og nedbør, seier Livik.

Men det er håp om litt betring for dei som ikkje er veldig glade i regn og nedbør.

– Det ser ut til at det kanskje er eit ørlite håp om at langtidsprognosane endrar seg, og då kan det blir bra mot slutten av nesten veke, seier Livik.