Få, men svært fuktige dagar, gav ein våt september

Tykte du at september var våt og mild? Då har du heilt rett.

Styrtregn i Oslo

STYRTREGN: Både i Oslo og fleire andre stader i landet har veldig våte enkeltdagar ført til store problem i løpet av september.

Foto: Thomas Marthinsen / NRK

Men sjølv om elvane fløymde over og det rasa fleire stader, er det likevel ikkje noko rekordmånad vi legg bak oss.

– Totalt, for heile landet, var det 20 prosent meir nedbør enn normalen for september. Det var vått i høve til dei siste ti åra, men likevel bak den rekordvåte septembermånaden i fjor, seier Reidun Gangstø Skaland, forskar ved klimaavdelinga til Meteorologisk institutt.

Nest våtast sidan 2010

Reidun Gangstø Skaland

NORMALT: – Det er blitt litt mildare enn då normalen vart oppretta, så det er ganske normalt at det er mildare enn normalt, seier klimaforskar Reidun Gangstø Skaland.

Foto: Mai-Linn Finstad

Om vi tek nedbøren først, så blandar ikkje året seg heilt i tetstriden blant dei historisk våtaste septembermånadane. I tillegg til fjorårets rekordvåte september, går både 1932, 1975 og 1982 framfor i rekkja.

I løpet av dei siste ti åra, plasserer den seg på ein andreplass. Stasjonar på Austlandet, Vestlandet og Trøndelag målte kring det dobbelte av normalen.

– Det kom ekstra mykje nedbør enkelte dagar. I Trøndelag sette fleire stasjonar ny rekord for det meste som har kome i løpet av ein septemberdag. Det gjorde også nokre stasjonar i Nordland, Finnmark, Telemark og Rogaland, seier Skaland.

Nedbørsrekordar september 2019

REKORDAR: Enkelte stader i landet har sjeldan hatt så fuktige septemberdagar som i år.

Foto: Meteorologisk institutt

Rekord, men ...

– Ein stasjon i Finnmark sette rekord for våtaste septembermånaden. Men denne stasjonen har ikkje gått veldig lenge. Den starta i 2004, legg Skaland til.

Rydding av vegbana på E39

NYTT RAS: Kraftig nedbør i midten av september gjorde Årsetelva, for andre gang på to månadar, stengde E39 forbi Vassenden i Jølster.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Og det er veldig våte enkelttdagar som trekkjer opp den totale nedbørsmengda for månaden vi no har lagt bak oss. Våtaste døgnet hadde Opstveit i Kvinnherad.

Med 126,9 mm regn, fekk dei nær 30 prosent av heile månadsnedbøren (441mm) 15. september.

Dette var elles våte døgn fleire stadar i landet, noko som resulterte i flaum og fleire ras . På Nordmøre mista kring hundre dyr livet i flaumstore Surna .

Gjorde store skader

Austlandet fekk ein svært våt start på månaden, og forsikringsselskapet Gjensidige anslo vasskadar til kring 250 millionar kroner .

Flaum i Olden søndag 15. september 2019

EVAKUERTE: I Olden i Stryn vart 15 personar evakuerte då elvar fløymde over i søndag 15. september.

Foto: NRK

Likevel registrerte målestasjonen på Blindern berre 12 dagar med nedbør over 1,0 mm.

– Oslo fekk nær dobbelt så mykje nedbør som normalt, men all nedbøren kom i løpet av nokre få dagar. Slik var det store delar av landet. Det var mange tørre dagar og ganske få våte dagar, seier Skaland, seier Gangstø.

September er spesiell

Ser vi på temperaturen var Noreg i snitt 0,7 grader varmare enn temperaturnormalen i September. I Finnmark målte fleire stasjonar 1,5 grader varmare enn normalen. På Vestlandet og i Nordland var temperaturen derimot under normalen.

Temperaturrekordar i september 2019

REKORDAR: Fleire stasjonar sette temperaturrekordar i løpet av september.

Foto: Meteorologisk institutt

Høgaste maksimumstemperatur vart registrert 21. september på Veggli i Buskerud, med 25,9 grader. Snittet for høgaste maksimumstemperatur siste 30 åra er 25,2 grader.

– September plar vere ein vêrmessig spesiell månad. Det er slutten på sommaren, og starten på hausten. Då kan det vere store kontrastar. September kan vere ein veldig varm og fin sommarmånad, men plutseleg har vi vintertendensar, seier Skaland.