Hopp til innhold

Fekk turen øydelagt av fluger: – Det var både irriterande og fascinerande

Det som skulle bli ein nydeleg topptur i Sørstrandfjella i Gloppen vart i staden ein kamp mot flugene. Svermen med hissige kryp følgde Peder Hauge og foreldra heilt til topps.

Tett i tett med floger på fjelltur

FLUGEPLAGE: Slik såg Peder Hauge då han på fjelltur ikkje vart kvitt flugene, som sette seg på hovudet og var veldig irriterande.

Foto: Privat

– Det var noko enormt med fluger som flokka seg rundt oss, og følgde oss heile vegen. Det var veldig irriterande, fortel Peder Hauge frå Sandane.

Sist veke inviterte han med seg foreldra på fjelltur, men det vart ikkje slik han hadde sett føre seg.

I staden fekk dei oppleve korleis det fine og varme vêret har gitt insekt og fluger gode levekår.

– Eg har aldri opplevd noko liknande, seier han.

– Det har aldri vore så gale før

Dei set seg gjerne der du ikkje når, og to nye er på plass så snart du har slått etter den første. Mange har kjent seg ekstra plaga av fluger og insekt denne forsommaren, og fagfolka har ikkje nødvendigvis godt nytt til deg.

For med ein tørr vinter, ein fin vår og ein varm og solrik forsommar har mange insektartar fått gode kår, og for ein del artar betyr det at bestanden aukar.

Nettopp det må ha skjedd med flugene i Gloppen, meiner Peder Hauge.

– Det har aldri vore så gale i Gloppen i mi tid, fortel han etter fjellturen sist veke.

– Vi prøvde springe frå dei

Den nesten hårlause glopparen fekk då hovudet farga nesten svart av fluger. Alle forsøka på å bli kvitt dei flygande krypa var mislukka.

– Vi prøvde springe frå dei, men det var ikkje så enkelt. Elles var det berre å slå etter dei etter kvart.

– Dei øydela turopplevinga litt, det gjorde det. Men samtidig var det litt fascinerande, seier han og fortel at dei tidlegare turane i same område aldri har bydd på liknande «flugeinvasjon»

Todelt forklaring

Frode Ødegaard, seniorforskar ved Norsk Institutt for Naturforskning, seier det er to forklaringar på at folk no opplever at fluger og insekt er ekstra plagsame.

– Insekt er vekselvarme dyr og er aktive i sol og varme. Så vi merkar jo mykje meir til insekta når det er finvêr, utan at det nødvendigvis er større bestandar enn normalt.

– Men i år har vi også hatt ein utruleg fin forsommar, og mange insektartar responderer direkte og kan utvikle seg raskare og bli fleire, seier den erfarne forskaren.

Per Sigvald Hoggen i Ørsta i Møre og Romsdal er ein av dei andre som har blitt bokstavleg talt «omsverma» i fjellet denne forsommaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flugeinvasjon

TUREN VART SPOLERT: Per Sigvald Hoggen fekk turen til Hestehornet i Ørsta øydelagt av dei mange flugene.

Foto: privat

– Kroppen full i raude merke

Lagt merke til dei til dels plagsame flygande krypa har også økolog Stein Joar Hegland gjort. Han bur på Kaupanger, og jobbar for Norsk Hjortesenter på Svanøy.

På lik linje med forskar Frode Ødegaard forklarar økologen dei mange småkrypa med det fine vêret. Ein tur i skogen på Svanøy resulterte i ein kropp full av stikk.

– Eg var ein liten tur ute i skogen på Svanøy, og der er det store mengder insekt og fluger i år. Det er mykje til vanleg også, men det er ekstra mykje i år, seier han.

– Eg vart ganske oppeten og hadde kroppen full av raude merke etterpå, seier han.

– Vil ha sveitten vår

Spesielt er det sveitten til folk insekta og flugene likar, fortel økologen.

– I sveitten vår finst det næring og salt som dei er interesserte i.

– Om ein unngår altfor mykje bar hud, og brukar hovudplagg, så kan ein minske problemet ein del, tipsar Hegland.

– Prøv insektspray

Forskar Frode Ødegaard håpar ikkje folk let seg skremme frå å ta ein tur ut i naturen.

– Juni er ei veldig god tid for mange insektartar. Det er no det er sverming og formeiring, og då må dei nytte seg av godvêret. På same måte som oss, seier han og meiner det ikkje vil vere like ille om nokre veker.

Ødegaard seier folk kan ha god hjelp i forskjellige typar insektspray.

– Det er mange insektsprayar som kan hjelpe mot stikkande og bitande insekt, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Frode Ødegaard

MÅ LEVE MED: Flugene som folk kan oppleve som ekstra plagsame er noko ein må leve med, seier forskar Frode Ødegaard.

Foto: Anniken Sande / NRK

Men flugene blir vi ikkje kvitt...

Men mot flugene har han ikkje noko godt tips, dei let seg ikkje skremme av insektspray. Det vil seie at smådyra som folk kanskje opplever som dei mest plagsame er noko vi ikkje blir kvitt med det første...

– Dette er nok noko vi må leve med, seier han og held fram.

– Ofte er dette snakk om møkkfluger, og dei er det mykje av i område med dyr på beite. Men vi må hugse på at dei gjer ein god jobb, dei bryt ned husdyrgjødsla og ryddar opp i naturen, seier forskaren diplomatisk.