Hopp til innhold

Her kjem hauststormen sigande mot Vestlandet

– Ein kan vel skildre det som litt meir vanleg haustvêr for Vestlandet, seier statsmeteorolog Anders Sivle om hauststormen som no er på veg mot vestlandskysten.

Storm på veg mot Vestlandet

STORM: Ein storm er på veg mot Vestlandet. Medan kysten og fjellet vil merke vinden mest, vil midtre delar av fylket få det våtast.

Foto: met.no

For den til no fine hausten blir både vindfull og våt. Endringa kjem i kveld. Og første kvelden og natta blir verst.

Tradisjonen tru vil kysten og fjellet merke den sørlege vinden sterkast.

– Det er varsla liten storm på kysten og i fjellet, men det kan bli kortvarig full storm på kysten i kveld. Ved Stad kan det bli sterk storm, seier Anders Sivle ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Lokalt mykje nedbør

– Låglandet inne i fylket vil ikkje merke stort til vinden, men når vinden minkar til sterk kuling og snur over på sørvest måndag føremiddag så vil ein nok merke det betre innover i fjordane, legg Sivle til.

Anders Sivle

STABILT: Statsmeteorolog Anders Sivle fortel om stabilt vindfullt og fuktig vêr kommande veke.

Foto: Marit Hommedal

Lokalt kan det fram til måndag kveld komme opp til 50 millimeter nedbør. Mest midt i fylket, og mindre på kysten.

Og slik vil vêret halde seg utover veka.

– Fastare nedbør i fjellet

– Heile veka ser ut til å vere prega av lågtrykk og vind. Det blir ikkje like ille som i natt og i morgon.

Med andre ord er det berre å feste båtane godt. Og vise omsyn på fjellovergangane. For konsistensen på nedbøren vil halde seg stabil.

– Den er ganske flytande i låglandet, men på mellom 800 og 1 000 meter skiftar den farge og blir fastare i forma, seier Sivle.

Vêrvarslinga har sendt ut Obs-varsel for lokalt vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Norge både søndag og måndag.

– Både Vikafjellet og Filefjell ligg i grenseland, og eg reknar med at Utvikfjellet vil halde seg bert. Men også her bør folk vere obs, avsluttar han.