Hopp til innhold

Ja, det har vore varmt, men...

Du har gjerne kasta kleda i vårsola dei siste dagane, men noko rekordvarme har det likevel ikkje vore.

På Kråkenesfjellet

BLÅ HIMMEL: Blå himmel og sol har det vore mykje av over Sør-Norge dei siste dagane. Biletet er frå Kråkenesfjellet i Vågsøy, og er send inn i vår påskefotokonkurranse.

Foto: Bjarne Eldevik

Hos Vêrvarslinga på Vestlandet har dei også gleda seg over det fine vårvêret dei siste dagane. Med strålande sol frå knallblå himmel har folk over heile Sør-Norge fått ei fantastisk avslutning på påska.

Men målingane Vêrvarslinga har oversikt over viser at det ikkje har vore snakk om noko rekordvarme i løpet av dei siste dagane.

Varmast i Førde

På Tefre i Førde var andre påskedag den varmaste denne påska, med 17. 8 som maks temperatur. Aprilrekorden for denne målestasjonen er frå år 2000 då det var 21.9 grader på det varmaste i løpet av denne vårmånaden.

På Takle i Gulen var det i går 14 grader, medan rekorden for april er frå 23. april 2011 då det var 18.7 grader på det varmaste.

Folk på Vangsnes i Sogn kunne i går kose seg i 16.3 grader på det varmaste. Det er ganske nære varmerekorden frå april som er frå 30. april 2011, då det var 18.1 grader på denne målestasjonen.

Finveret held fram

I Florø hadde folk den varmaste dagen i påska i går, med 16.1 grader. Aprilrekorden er frå 23. april 2011, med 19,2 grader.

Også på Sandane har dei hatt det heitt og godt i påska. Den varmaste dagen var i går, då det på Sandane lufthamn var mål 16,1 grad på det varmaste. Aprilrekorden er frå 23. april 2011, då var det 20,3 grader.

Ifølgje vêrvarselet ser det ut til at folk kan gle seg til mange fleire finevêrsdagar. Langtidsvarselet er prega av mykje sol og fint vêr, du kan sjølv sjekke kva vêr du kan vente deg på Yr.no.

Sjå alle dei flotte bileta vi har fått inn til påskefotokonkurransen vår:

Laster innhold, vennligst vent..