Ordførar Bente Frøyen Steindal er glad for at det no endeleg vert gjeve klarsignal for det omstridde prosjektet.
- Nye arbeidsplassar i eit lite lokalsamfunn betyr veldig mykje, seier Frøyen Steindal
Overprøvde klage
Det har vore ein lang veg fram til avgjerda til miljøvernminister Knut Arild Hareid sitt ja til steinbrot. Riksantikvaren meinte at utskipingsanlegget ville kome for nær to gravrøyser i strandsona og ville stoppe planane. Avdelingsdirektør Unni Grønn hjå Riksantikvaren vil ikkje kommenter saka utover at dei no må ta til etterretning at klagen deira er overprøvd av departementet.
Mange års kamp
Dermed kan Edith Aarebroth Madsen feire at det er gjett klarsignal for 20 nye arbeidsplassar i heimbygda si. Madsen er tidlegare leiar i Flora høgre og ho er glad for at mange års kamp no endeleg har ført fram..
Feiring
Og no vert det tverrpolitisk feiring, sjølv om vedtaket ikkje kom heilt uventa på ordførar Bente Frøyen Steindal.
- Eg hadde forventa at det vart eit slikt vedtak, for noko anna hadde ikkje vorte godteke, seier ho.