Hopp til innhold

Ja til omstridd fusjon

Sogn og Fjordane Energi får lov til å arbeide vidare med planane om å fusjonere med Sunnfjord Energi.

Med 23 mot 16 røyster vedtok fylkestinget tysdag intensjonsavtalen om samanslåing av dei to kraftselskapa. Hovudkontoret til det samanslegne selskapet skal liggje i Førde.

Kamp om hovudkontoret

Særleg i Gloppen har det vore stor motstand mot fusjonen på grunn av frykt for at kommunen skal miste viktige arbeidsplassar. Hovudkontoret til SFE ligg i dag på Sandane, der det er 60 tilsette.

Sunnfjord Energi har sett som eit krav for fusjonen at hovudkontoret til det nye selskapet skal liggje i Førde.

Knapt fleirtal

Heile tysdag var det knallhard kamp i fylkestinget. Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti flagga tidleg at dei gjekk imot fusjonen, medan Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV gjekk inn for samanslåing. I utgangspunktet ville dette gjeve eit knapt fleirtal for fusjon. Eit utsettingsforslag frå Senterpartiet på tampen av debatten gjorde utfallet usikkert heilt til slutt. Men ved den endelege avrøystinga  sikra utbrytarar frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti at fleirtalet vart så stort som 23 mot 16 røyster. 

 

Harry Mowatt
Foto: NRK

Mowatt var habil

Motstandarane av fusjonsavtalen leid sitt første nederlag då styreleiaren i Sunnfjord energi, Harry Mowatt, og styremedlemmene Nils Gjerland og Jenny Følling vart funne habile til å delta i handsaminga. Her var røystetalet så knapt som 20 mot 19. Dette skjedde etter at Senterpartiet hadde plassert Gjerland og Følling på gangen under partiet sin diskusjon, noko dei to sette lite pris på. Det var også dei to som braut ut frå Senterpartiet og røysta med fleirtalet, saman med Norunn Lunde Furnes frå Krf.

- Ille for Sogn og Fjordane

Etter at resultatet var klart var Senterparti-leiar Knut M. Olsen redd for at dette kunne gå Sogn og Fjordane ille. Harry Mowatt, styreleiar i Sunnfjord Energi og Ap-politikar, var sikker på det motsette.

 

Ole Schanke Eikum

Glad konsernsjef

Konsernsejef Ole Schanke Eikum i Sogn og Fjordane Energi er svært nøgd med at eit fleirtal i fylkestinget sa ja til å gå vidare med planene om ein fusjon mellom SFE og Sunnfjord energi.