Hopp til innhold

Ja til Maria Amelie, nei til Anna

Maria Amelie skal tilbake til Norge så raskt som råd. Det får ikkje hjelparen til handikappa Arne Martin Brekke.

Ganna Shatilo frå Urkraina saman med 14 år gamle celebral parese-sjuke Arne Martin Brekke.
Foto: Bård Siem / NRK

- Vår Anna hadde ikkje gjort noko gale. Ho hadde vore i Norge lovleg dei to åra ho kunne som au pair, og så forlot ho landet, seier Ole Anton Brekke.

Den kraftig funksjonshemma og svært pleietrengande sonen hans Arne Martin Brekke (15) mista den verdifulle pleiaren sin etter ei avgjerd i UDI. Difor blir Brekke provosert når han ser unntaka som blir gjort for Maria Amelie.

- Vanskeleg å forstå

- Det er veldig vanskeleg å skjønne at når det gjeld ei som har vore i landet ulovleg og som kanskje har litt kjendisstatuts - då skal ein endre regelverket. Men ikkje når det gjeld ei som ikkje har gjort noko gale, seier Ole Anton Brekke frå Stryn.

Medan Regjeringa endrar regleverket for å leggje opp til at forfattaren Maria Amelie skal få kome rakst mogleg attende til Norge, vart ingenting gjort for at Anna Shatilo, som var viktig hjelpar for celebral parese-sjuke Arne Martin, skulle få bli i Norge.

Statsråden nekta vurdering

15 år gamle Arne Martin har celebral parese og er fullstendig pleietrengande. Anna har tidlegare jobba mykje med born med celebral parese, og hjelpa hennar var avgjerande for det viktige treningsopplegget ved hjelp av doman-metoden, som Arne Martin heldt på med.

Men etter fleire rundar i UDI-systemet, vart ho i fjor kasta ut av landet. Brekke meiner Regjeringa vel seg ut kven dei vil hjelpe for å score mest mogleg politiske poeng.

- Vi spurde jo til og med om statsråden kunne gå inn og sjå på saka, men det var heilt uaktuelt, seier Brekke.

SV forstår ikkje

SV har vore den viktigaste pådrivaren for at Maria Amelie skal få kome raskt attende til Norge, men Kristine Kopperud Timberlid, landsstyremedlem i SV, avviser at Regjeringa favoriserer Ameli framfor andre som ynskjer arbeids- og opphaldsløyve.

- Amelie søkjer no på dette spesialløyvet fordi ho har fått tilbod om ein jobb i Norge. Det eg ikkje forstår her er kvifor ikkje Anna kan gjere det same.

- Må ein ha skrive ei bok eller ha kjendisstatus for at regelverket skal endrast?

- I forhold til regelverket for arbeidsinnvandring som no har vorte endra, kan kven som helst søke om å få kome hit, seier Kopperud Timberlid.