Det var rektor Johs. Thaule som kom med framlegget om å oppretthalde ingeniørutdanninga, og han gjekk dermed imot innstillinga frå høgskuledirektør Hans Jørgen Binningsbø. Thaule legg vekt på det samarbeidet som Høgskulen har hatt med næringslivet om tiltak for å betre rekrutteringa til studiet.
Høgskulestyret vedtok og å gje rektoren fullmakt til å inngå ein samarbeidsavtale med Høgskulen i Bergen som inneber at det kjem eit tilbod om eit første studieår i elektrofag i Førde. Føresetnaden er då at studentane får fullføre utdanninga i Bergen.