NRK Meny
Normal

Ja til felles legevakt

Jølster har vedteke avtalen for felles legevakt i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Gerd Dvergsdal
Foto: NRK

Då Helse Førde la fram forslag om å kutte ambulansen på Skei , truga ordførar Gerd Dvergsdal med å trekkje Jølster frå samarbeidet . Ho meinte akuttilbodet til innbyggjarane kunne bli for dårleg.

Men tysdag kveld vart kommunestyret informert om ambulansetilbodet og vedtok deretter samrøystes å vere med i vaktsamarbeidet.

- Eg var i stor tvil og hadde store vanskar med å sjå korleis ein skal skape den tryggleik folk føler med ein ambulanse stasjonert på Skei. Eg håpar framleis at styret i Helse Førde kjem fram til at det ikkje er så lurt å kutte ambulansen likevel, seier Dvergsdal.

- Men samla settt meiner vi at legevaktsmarbeidet er så godt for kommunane og for stabiliteten av legar at vi valde å gå inn for det, seier ho.