NRK Meny
Normal

Ja og nei til rutilplanar

Same dagen som Havforskingsinstituttet rettar ein åtvarande peikefinger mot planane om gruvedrift i Vevring seier Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ja til arealplanen.

Engebøfjellet
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier konklusjonen til Fylkesmannen er at dei miljømessige konsekvensane av gruvedrifta ikkje er så store at dei vil overprøve det kommunale sjølvstyret i denne fasen av planane.

Frårår på det sterkaste

Samstundes frårår Havforskingsinstituttet på det sterkaste at Nordic Mining får lov til å deponere avfall frå gruvedrifta i Førdefjorden. Forskingsdirektør Reidar Toresen seier at slikt utslepp ikkje er berekraftig bruk av fjorden.

– Vi frårår det på det sterkaste, for dette er eit vesentleg inngrep som ikkje vil vere forbigåande, men ei endring av naturen og topografien for alltid. Då vil ikkje naturen ta seg opp igjen når drifta ein gong tek slutt.

– Feil i konsekvensutgreiinga

Havforskingsinstituttet seier at effektane av fjorddeponiet er langt meir alvorlege enn konsekvensutgreiinga til NIVA konkluderer med. Utgreiinga frå NIVA har ifølgje Havforskingsinstituttet fleire feil og manglar. Mellom anna avviser dei at det stoffet som skal binde slammet har den effekten som tidlegare er rekna med.

Sedimenta vil truleg spreie seg fem gonger meir enn rekna med, med dei følgjer det vil ha for økosystemet med ulike botndyr og for fiskslag som torsk, ål smolt og og laks.

– Det er heilt klart at dette vil påverke botntilhøva i lang tid, og det vil og påverke fiskebestanden i fjorden. Dette er så stort inngrep i økosystemet at vi vil frårå det på det stekaste, seierr Reidar Toresen i Havforskingsinstituttet.

To ulike prosessar

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal
Foto: NRK

Men miljøvernavdelinga til Fylkesmannen har altså konkludert med at miljøkonsekvensane ikkje er så store at dei vil overprøve kommunane Naustdal og Askvoll på dette stadiet i planane.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier at det er to ulike prosessar det handlar om.

– Vi må halde tunga beint i munnen. Det vi har uttalt oss om er arealplanen. Politikarane i Naustdal og Askvoll skal avgjere om areala på land og i sjøen skal brukast til denne typen verksemd, og der har vi konkludert med at konsekvensane ikkje er så store at vi vil overprøve det dei vedtek.

– Utsleppsløyve seinare

– Seinare i prosessen skal vi ta stilling til ein søknad om utsleppsløyve frå Nordic Mining, og då kjem vi til å gå langt meir detaljert til verks.

– Men kva seier du til at Havforskingsinstituttet på det sterkaste frårår fjorddeponering?

– Spriker sterkt

– Rapporten deira er så fersk at vi ikkje har fått studert han enno, men det er tydeleg at deira konklusjonar spriker sterkt samanlikna med rapporten til NIVA. Vi må prøve å avklare kva som er rett før vi tek stilling

– Når kan vi vente eit endeleg vedtak i saka?

– Det vil nok uansett gå fleire månader før eit eventuelt utsleppsløyve ligg føre.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser