NRK Meny
Normal

Ja-mannen vart møtt av eit massivt nei i Flora

Florøværingane vil halde fram som eigen kommune og seier eit soleklart nei til storkommune med Førde.

Ola Teigen

GJEKK FOR JA: Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) meiner ei samanslåing med resten av Sunnfjord er den beste løysinga for Flora, etter at Bremanger stengde døra for ein kystkommune nordover.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Drygt 70,6 prosent av røystene seier nei til storkommune med resten av Sunnfjord-kommunane. 29,34 prosent sa ja til stor-Sunnfjord.

– Det er kanskje ikkje så veldig overraskande. Vi fekk ein indikasjon gjennom opinionsundersøking i haust, men nær 30 prosent seier likevel ja, konstaterer ein skuffa ordførar og ja-mann Ola Teigen (Ap).

Laster innhold, vennligst vent..

Nøgd motstandar

Jacob Nødseth

JUBLANDE GLAD: Jacob Nødseth har vore ein av dei fremste talspersonane mot eit stor-Sunnfjord med Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein av dei tydelegaste nei-forkjemparane, leiaren for Samlingslista i Flora, er derimot ein svært fornøgd mann.

– Eg trur ikkje nokon er overraska over dette resultatet. Mange av oss har sagt lenge at denne leiinga for denne reforma ikkje har vore i takt med folka. Det er dumt at vi i dag ikkje kunne røyste om eit kystkommune-alternativ. Eg trur det ville fått langt større oppslutnad. Dette Førde-alternativet visste vi var daudt, den dagen det kom på, fastslår samlingslista sin Jacob Nødseth.

Elin Reksten, Regine Hestdal, Nikoline Liseth på folkerøysting i Florø

UNGDOMEN RØYSTA: Unge heilt ned til 16 år kunne delta ved folkerøystinga i Flora. Elin Reksten, Regione Hestdal og Nikoline Liseth var blant dei mange som var innom røystelokalet i Flora samfunnshus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han reknar det som sjølvsagt at både ordførar og gruppeleiarar står ved det dei har lova, at dei vil respektere

– For Førde og ein del andre kommunar vil det vere logisk å slå seg saman, men for Flora var det aldri det, seier Nødseth.

Måndag 4. april blir det klart kva innbyggjarane i Sunnfjord, Hyllestad og Solund meiner om kommunesamanslåing. Kven bør kommunen slå seg saman med, eller har den det best åleine?

SJÅ VIDEO: Jacob Nødseth (Samlingslista) om Flora sitt nei til Førde. Foto: Geir Bjarte Hjetland

Førde-ordføraren: – Ikkje overraska

Førde-ordførar Olve Grotle, som dei siste månadene har reist frå kommune til kommune og tala varmt for eit stor-Sunnfjord, seier han ikkje er overraska over kystfolket sin dom.

– Dei svara vi no har fått frå Flora må vi kunne seie var som venta. Det er kanskje ikkje ein draum som har briste, men det er ein draum som ligg litt lengre fram i tid en vi kanskje hadde trudd, vedgår Grotle til NRK.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.

Laster kart, vennligst vent...
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå