Hopp til innhold

Elevane strøymde til då han delte ut dei etterlengta skulebøkene

Etter ein ekstra lang ferie på grunn av lærarstreiken, stilte ungdommen seg opp i kø for å endeleg få bøkene sine.

Kommunalsjef i Førde, Helge Sæterdal

DELTE UT BØKER: Kommunalsjef Helge Sæterdal var mannen med ansvaret for at skulebøker vart delt ut til elevane som er ramma av lærarstreiken.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Etter at fleire foreldre har etterlyst pensumbøker til elvane vart dei i dag delt ut bøker til elevar som no ønskjer å kome i gong med skuleåret.

700 elevar på skular i Førde kommune har enda ikkje fått starte på skuleåret på grunn av lærarstreiken. I tillegg er elevar ved Hafstad vidaregåande skule ramma av at store delar av lærarstaben streikar.

Aldri opplevd makan

I dag fekk elevar ved Halbrend- og Førde skule høve til å hente etterlengta lesestoff frå enkelte fag.

– Det har gått kjempeflott, seier Kommunalsjef i Førde kommune, Helge Sæterdal, har eigenhendig vore med på utdelinga av bøkene.

Han seier at over 90 prosent av elevane har møtt opp for å ta i mot bøkene sine. At elevane er ivrige etter å kome i gong er det ingen tvil om.

– Veldig mange har møtt opp, og fleire var på plass allereie før vi opna og var klare til å setje i gong læringsarbeidet då dei fekk bøkene. Eg har aldri opplevd makan, men heldigvis så er det ikkje så ofte vi har streik heller, men eg tykkjer det har vore veldig kjekt å møte alle elevane som er så klare for å setje i gong skule og læring, fortel Sæterdal.

Gav elevane visdomsord

Over 7.800 lærarar frå Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Musikernes fellesorganisasjon og Norsk Lektorlag er tekne ut i streik. 100.000 elevar ved over 200 skular er råka.

Elevane skulle ha vore godt inn i den andre veka på skulen, men utan lærarane har det blitt lite fagleg påfyll.

– Vi hadde fått ein del førespurnader, men at så mange skulle møte trur eg ikkje var nokon her som hadde tenkt, så vi er imponerte. No er det håp for at elevane i Førde skal få starte læringa si. På meg verkar dei ivrige etter å kome i gong, seier Sæterdal.

– Har du gitt elevane visdomsord på vegen og kanskje?

– Ja, eg seier at eg har forventningar om at dei skal få gode resultat, og at dei går heim og set i gong, ler Sæterdal.