Hopp til innhold

Ivo-engasjement har skaffa 99.300 kroner

Dei håpte på 5.000 kroner. No er nesten 100.000 kroner komme inn på kontoen til innsamlingsaksjonen for hunden Ivo.

Marleén Blaalid Hodne og hunden Ivo

RØRT OG TAKKSAM: – Eg er evig takksam, seier Marleén Hodne, her med hunden Ivo.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– I dag har vi avslutta aksjonen. Vi har runda 99.300 kroner, seier Jannike Våge.

Fredag førre veke starta ho innsamlingsaksjon på Facebook for venninna si Marleén Hodne. Hodne har fått eit erstatningskrav mot seg på 100.000 kroner etter at hunden hennar fekk ansvaret for at ein person fall og braut lårhalsen.

Våge starta innsamlinga for å hjelpe den uføre åleinemora Hodne med å betale rekninga.

– Eg er heilt overvelda og overraska. Eg hadde håpt på mykje engasjement, men at vi skulle få inn nesten heile beløpet, er heilt utruleg, seier Våge.

Har fått støtte frå både Sverige og Danmark

Om lag 340 stykke har betalt inn pengar til innsamlinga, og saka har vekt engasjement også ut over landets grenser.

– Vi har til og med fått støtte frå folk i Sverige og Danmark, seier Våge.

Ho trur saka har engasjert fordi det er mange som har hund.

– Dei vert sjølv redde for at dei skal ende i ein liknande situasjon, seier Våge.

– Men dette er ein erstatningssum som har komme til etter forhandlingar i forliksrådet, og som botnar i at hunden til Hodne må ta skulda for at nokon braut lårhalsen. Korleis har folk reagert på at du samlar inn pengar til ei straff som nokon har fått?

– Det har også vore negative reaksjonar, ja. Men alt i alt har det vore mest positivt. Eg gjorde dette for å hjelpe venninna mi, for dette er ein trasig situasjon å hamne i, seier Våge.

Eurasier hund

MÅ TA SKULDA: Eurasier-hunden Ivo kom seg laus og fekk skulda for at ein person datt og braut lårhalsen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Hadde aldri tort å håpe på så mykje

Marleén Hodne er nesten stum av takksemd.

– Eg hadde ikkje venta meg ein slik oppslutnad. Vi vart samde om at dersom det kom inn 5.000 kroner, var vi nøgde med det. Det er heilt fantastisk korleis dyreeigarar har slutta opp om dette. Eg er evig takksam. Stor takk til mine gode venninner Jannike Våge og Kristin Heggen, seier Hodne.

Ho er også glad for at ein har fått større merksemd kring hundelova. Hodne meiner saka hennar syner at det trengst eit tydelegare lovverk, og ønskjer at politikarane endrar lova til å bli meir spesifikk inn mot at hunden faktisk gjer direkte skade.

– Organisasjonar vil ved hjelp av advokatar ta tak i saka og jobbe for tryggare lov for dyreeigarar, seier Hodne.