Svein-Ottar Sandal
Det seier dagleg leiar, Svein-Ottar Sandal. Nordfjord Miljøverk, Nomil, søkte Fylkesmannen om å sleppe unna kravet om dobbel botntetting på avfallplassen i Ivahola. Men Fylkesmannen avslo søknaden, og viste til at deponiet ligg på ei ur av lausmasser, og at det ikkje eksisterer noko form for botntetting i dag.
Klaga på avslag
Nomil klaga på avslaget i mars, og meinet at Fylkesmannen ikkje la nok vekt på undersøkinga som syner at fjorden ikkje er påverka av deponiet. Saka gjekk så vidare til SFT, som no har vedteke å oppretthalde Fylkesmannen sitt vedtak. Det skriv Firda Tidend.
- Ikkje dårlegare avfallsordning
Dagleg leiar i Nomil, Svein-Ottar Sandal, ser no ingen måte dei kan omgå dei nye krava på. Men trass i at avfallsplassen vert lagd ned, seier Sandal at innbyggjarane i Nordfjord ikkje treng frykte for ei dårlegare avfallsordning.