For mottaksleiar Kåre Antonsen var det tapet til somaliske Isse som gjorde størst inntrykk.
Ventar på faren
Historia til Isse Hassan Mohammed har engasjert menneske over heile landet. I Etiopa sit fem små born på ein barneheim og ventar på å få sjå faren. Kona hans døydde då den yngste vart fødd - eit born Isse aldri har sett.
Gåver og klede brann
Opphaldsrommet på mottaket var heilt utbrent. (Foto: A. Veien, NRK)
I fjernsynet har vi sett bilete av rommet han har gjort klart til dei fem - alle kleda han har fått og kjøpt - og julepresangane som enno ikkje er opna. I brannen på Solbakken asylmottak vart alt øydelagt.
Kåre Antonsen. (Arkivfoto: NRK)
Berga livet
Mottaksleiar Kåre Antonsen er likevel svært glad for at brannveggane ved mottaket fungerte. Det førte til at Isse og dei 19 andre bebuarane på mottaket klarte å kome seg ut utan skader.