Hopp til innhold

Ismasse stengjer halve køyrebanen

Store ismassar har ramla ut i vegen og stengjer halve køyrebanen på Rv. 5 etter Støylsnestunnelen, langs Kjøsnesfjorden. Det melder ein NRK-tipsar på veg frå Sogndal. – Det er meget farleg, seier tipsaren. Entreprenør er på veg for å rydde, seier Vegtrafikksentralen.