Hopp til innhold

Island-krisa knekte Agora

Jubileumssesongen enda i konkurs for Agora Cirkus på Nordfjordeid.

Jan Ketil Smørdal

Jan Ketil Smørdal har slått Agora Cirkus konkurs.

Foto: Larsen, Annemor / VG

Jan Ketil Smørdal og styret har måtte gå til Fjordane tingrett. Ein tur til Island under kredittkrisa medførde at dei ikkje fekk opgpjer.

- Vi kom attende til Norge og sat og venta på at pengane skulle strøyme inn på konto, men ingenting kom, seier Smørdal til Sunnmørsposten .

Det er ikkje krisa på Island åleine som knekkjer Agora . Også høge dieselprisar og sviktande publikumsinteresse i Norge får sin del av skulda.

Smørdal meiner at dei utan bomturen til Island skulle klart å berge firmaet si gjeld på 4,6 millionar kroner..