Hopp til innhold

Isen berga liv

Ein personbil køyrde litt før klokka sju i dag tidleg utfor riksveg 13 mellom Holsen og Moskog og vart liggande på isen på Holsavatnet.

Bil på Holsavatnet
Foto: Øyvind Torvund / NRK

 

Spor etter bil på Holsavatnet
Foto: Øyvind Torvund / NRK

- Det skjedde veldig fort, men eg rakk å tenkje på familien, eg var heilt sikker på at eg kom til å drukne og at ingen ville finne meg, fortel kvinna som køyrde bilen.

- Men heldigvis var isen sterk, og eg kunne krype ut nokolunde uskadd, fortel kvinna som var på veg til arbeid..

- Uråd å unngå uhellet

Det var glatt føre på riksveg 13 som var medverkande årsak til at bilen hamna utfor vegen og i vatnet. Kvinna, som ynskjer å vere anonym, fortel at det var uråd å unngå uhellet.

- Eg prøvde sjølvsagt å ta inn att skrensen, men greidde det ikkje, så køyrde eg ut på grusen for å få feste, men plutseleg såg eg tre og vatnet framfor meg.

Bilen landa på isen med høgre sida ned.

- Ikkje glad i is

- Eg er vanlegvis ikkje så glad i is, eg er av dei få som held meg på land når det er skøyteis, men i dag er eg glad for at det var sterk is på vatnet, seier kvinna.

Ho vart send til legesjekk, men er berre lettare skadd, opplyser politiet. Det var ingen andre personar involverte i uhellet.