Hopp til innhold

Iselin sit fast på ein kafe midt i Stockholm

Artisten Iselin Solheim er i Stockholm for å lage musikk, no sit ho på ein liten kafe i gamlebyen og torer ikkje å gå nokon plass.

Iselin Solheim

EKKELT: Iselin Solheim tykkjer det er ekkelt å vere midt i dramaet i Stockholm

Foto: privat

– Det er veldig ekkelt, eg har vore skikkeleg redd, seier Solheim, som er tydeleg prega av det som har skjedd.

Etter å ha oppnådd suksess som over ein milliard avspelingar av songen "Faded" saman med Alan Walker, har ho reist til Stockholm for å jobbe med musikk der. I dag var ho i Stockholm sentrum då det small.

– Vi sat på ein kafe ikkje langt frå der det skjedde. Plutseleg kom det ei jente springande inn. Ho grein og var heilt frå seg. Ho sa at det hadde vore terror. Eg vart heilt lamslått.

Torer ikkje å kome seg vekk

Solheim fortel at ho gjerne ville komme seg vekk ifrå sentrum, sidan folk oppmodar folk om å halde seg unna. Likevel torer ho ikkje å ta t-bane.

– No sit vi berre inne på ein liten kafe, vi torer eigentleg ikkje å gå nokon plass. Så vi sit berre her til det har roa seg meir ned.

Iselin Solheim

SUKSESS: Artisten Iselin Solheim har hatt mykje suksess den siste tida, særleg med samarbeidet hennar med artisten Alan Walker.

Foto: Ann Kristin Engbakken

Naustedølen fortel at ho framleis er i sjokk etter å ha hamna midt i dramaet i den svenske hovudstaden i dag.

– Vi har prata med folk som seier dei har sett døde folk, og armar liggande i vegen. Du blir heilt sett ut når du høyrer slikt. Eg får nesten ein reaksjon berre nokon går i døra her på kafeen.

Sjølv om politiet oppmodar folk om å halde seg unna det området der Solheim no oppheld seg, er det ikkje noko som tyder på at ho er i fare. Likevel veit jo ikkje heilt kva ho skal svare når folk sender ho meldingar.

– Folk spør om det går bra med meg. Eg må jo seie at det gjer det, sjølv om eg framleis tykkjer det er veldig ekkelt.