Hopp til innhold

Inviterer unge frå heile Vestlandet til å sende inn filmar

For tiande gong inviterer elevar på Sogndal vidaregåande skule ungdom til å sende inn sine bidrag til filmfestivalen dei står bak.

festivalsjef Sunniva Lerum Hollekve th. / marknadssjef Anders Nyland Fardal og nestleiar Anna Brugra

GLER SEG: Festivalsjef Sunniva Lerum Hollekve (t.h), marknadssjef Anders Nyland Fardal og nestleiar Anna Brugrand.

Foto: Inge Kjell Holme

– Vi oppmodar jo på det sterkaste ungdom til å hive seg rundt og lage nye filmar, eller kanskje plukke fram att gamle filmar dei har laga, seier festivalsjef Sunniva Lerum Hollekve til NRK.

Festivalen ønskjer bidrag frå heile Vestlandet, og vonar at unge filmskaparar no ser sin sjanse til å bli med.

– Det hadde vore kjekt å få inn filmar frå fylka rundt oss også. Vi ønskjer å lage den beste kortfilmfestivalen for ungdom på Vestlandet, slår ho fast.

Ambisjonane er på plass for arrangøren, som ser fram til mange timar med arbeid og førebuingar før sjølve arrangementet går av stabelen til våren.

Tradisjonen tru kan lesarane til NRK.no delta i ei avrøysting om kven som skal få publikumsprisen. Kva kandidatar dette blir, får vi ikkje vite før ei tid etter at påmeldingsfristen er ute 29. februar neste år.