NRK Sogn og Fjordane har i år arrangert både SommarLutt frå Malakoff Rockfestival og NRK PolkaLutt frå Landsfestivalen i Gammaldansmusikk.
Denne gongen er det den klassiske musikken som står i fokus når det blir konsert frå Trivselshagen på Sandane. Lutt er NRK Sogn og Fjordane si satsing på musikk frå fylket med store konsertar og radiosendingar rundt om i fylket.
- LES OG SJÅ:
- LES OG SJÅ:
- LES OGSÅ:
Vakkert og spennande
– Dette gler eg meg veldig til. Vi kan love at det blir både vakkert og spennande. Eg er så imponert over det klassiske artistar frå fylket leverer. Vi er stolte av å kunne ta del i denne konserten saman med kammermusikkfestivalen Gloppen musikkfest, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.
Han seier det er viktig for NRK med breidde og variasjon i si musikksatsing.
Lang artistliste
Konserten vert arrangert i kultursalen i Trivselshagen på Sandane, og den vert sendt direkte både på radio og i nett-TV. Dermed vert det sjanse å få med seg dette også dersom du ikkje kan vere i Trivselshagen på fredag. Programleiarar er Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle.
På scena får du blant anna sjå artistar som Synnøve Nordvik, Distriktsmusikarane, Oddhild Nyberg, Maria og Ingrid Ose og Gro Marie Svidal.
Virtuose stjerner
– Klassisk Lutt blir ein draum! Her får vi virtuose stjerner og unge klassikarar frå fjordfylket. Fylket sine eigne musikarar i samspel med festivalen sine artistar. Dette blir flott, seier Hanne B. Oftedal som er festivalsjef for Gloppen musikkfest.
Festivalen er ein kammermusikkfestival som i år vert arrangert for 14. gong, med nokre av dei beste musikarane i landet.
Talent og profesjonelle
Dei unge artistane som skal på scena er blant dei mest talentfulle frå fylket med bakgrunn både frå Barrat Due og Griegakademiet. Dei får selskap av profesjonelle musikarar med høg kvalitet.
– Programmet blir noko for alle. Det blir høgtidsstemning og rett og slett nydeleg. Eg kjenner at gåsehuda kjem berre eg tenkjer på det, seier Sjursen Takle.
Konserten høyrer og ser du direkte fredag 2. september 1505–1600.