Hopp til innhold

Inviterer Høyanger til møte

Statssekretær i Nærings- og handelsdepartementetet, Rikke Lind, inviterer ein delegasjon frå Høyanger til møte i Oslo.

Statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet Rikke Lind.

Statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet Rikke Lind har invitert Høyanger kommune på møte.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Møtet skal finne stad 23. februar.

LES OGSÅ: Den siste felgen

- Vi skal snakke om situasjonen og gå igjennom dei virkemiddel vi har. Vårt hovudfokus er å sjå på moglege løysingar for dei tilsette og familiane deira, seier Lind til NRK.

- Vi har mange verkemidlar. Vi la på plass ei krisepakke 26. januar kor NAV, Innovasjon Norge og kommunane fekk meir pengar. I tillegg er det eit omstillingsfond på 100 millionar for Årdal og Høyanger. Så vi må setje oss ned saman med kommunen for å sjå kva det er behov for, seier ho.

Møter tre departement

Bakgrunnen for møtet er den alvorlege situasjonen som industrisamfunnet har kome i etter konkursen ved Fundo Wheels.

Delegasjonen får møte Kommunal- og regionaldepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Næringsdepartementet.

Andre møte på ei veke

Statssekretæren var også måndag i møte med kommunen og tilsette ved Fundo Wheels i Høyanger.

Då vart det klart at departementet ikkje ville gripe inn for å redde Fundo , men at dei likevel vurderer ein eigen "høyangerpakke" .

Ministeren positiv til hjelp

Statsminister Jens Stoltenberg stiller seg også i rekkja blant dei som ynskjer å hjelpe høyangersamfunnet med ei krisepakke. Det stadfestar distriktssekretær Arvid Langeland i LO, etter eit møte med LO-leiar Roar Flåthen.

- Det er lokalsamfunnet sjølv som må finne ut kva som tiltak som er viktige å sette i gang i høve dei arbeidslause, og så er det for statlege styresmakter å stille opp i høve det som måtte vere naudsynt for å sette i gang. Det er den tilbakemeldinga vi var opptekne av, seier han.