Hopp til innhold

Inviterer 2,6 millionar nordmenn til digital postkasse

2,6 millionar nordmenn blir i desse dagar invitert til å lage ei digital postkasse. Ifølge Direktoratet for forvaltning og IKT kan ein spare 400 millionar kroner om alle blir med.

Digipost

DIGITAL POST: 2,6 millionar nordmenn har fått brev med invitasjon til digital postkasse.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Ellen Marie Kurås Langen

PRODUKTSJEF: Ellen Marie Kurås Langen arbeider ved Difi sitt kontor i Leikanger.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

No for tida sender Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) ut eit brev til norske innbyggarar med informasjon om digital postkasse.

Så langt har rundt 1,2 millionar nordmenn teke i bruk den digitale postkassa, og no vil Difi ha med seg 2,6 millionar til.

– Vi sender ut eit fysisk brev, paradoksalt nok, der vi oppfordrar innbyggarane til å velje seg ei digital postkasse. Det kom litt trått i gang, men no ser vi at folk verkeleg startar å ta det i bruk, fortel produktsjef ved Difi sitt kontor på Leikanger, Ellen Marie Kurås Langen.

Etter at kampanjen starta for cirka to veker sidan, har omlag 135 000 nye nordmenn tatt tenesta i bruk.

Ingen tvang

Difi Leikanger

SENDER BREV: Direktoratet for forvaltning og IKT vil at flest mogleg skal bruke digital postkasse.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Den digitale postkassa skal vere ei løysing for å ta imot og oppbevare post frå statlege forvaltningsorgan.

I Oslo har 29,5 prosent av innbyggarane tatt i bruk postkassa. Det er den høgaste prosentandelen av alle fylka i landet. I Sogn og Fjordane har 21,9 prosent registrert seg. Det er minst av landet sine 19 fylke.

For sjølv om Difi har sett i gang ein storoffensiv for å få flest mogleg over på den digitale løysinga, er det ikkje eit krav at den gamle postkassa på veggen blir bytta ut.

– Hovudregelen no når det offentlege skal kommunisere med innbyggarane, er at det skal skje digitalt. Men som innbyggar har du ein moglegheit til å reservere deg mot digital kommunikasjon, sånn at du framleis kan ta imot posten i den grøne postkassa, seier Kurås Langen.

Kan spare 400 millionar

Ifølge Difi kan det offentlege spare mykje pengar om mange vel å ta imot post digitalt.

– Det offentlege sender ut 40 millionar papirbrev årleg. Ein reknar ei innsparing på 10 kroner per brev viss ein sender dei digitalt i staden. Her er det mogleg å spare 400 millionar kroner, seier produktsjefen.

Så langt har det blitt sendt tre millionar brev til ei digital postkasse i 2016.

– Ein har også miljøperspektivet. Det må hoggast ein del tre når ting skal skrivast ut på papir. I tillegg ynskjer mange å kommunisere digitalt i dagens samfunn, meiner ho.